Ti sjukeheimar får musikalsk besøk i helga.

STAVANGER:

I dag får Finnøy helse- og omsorgssenter og Rennesøy helse- og omsorgssenter besøk frå Stavanger Symfoniorkester, som ein del av «gjenoppdagelsesfesten» som starta i går og varar til søndag 21. november.,

Det skriver Stavanger kommune på sine nettsider.

100 arrangement

Denne helga kan innbyggarane nyte rundt 100 arrangement i Stavanger. Føremålet er å feire gjenopninga, med ein «gjenoppdagelsesfest». Bebuarar på sjukeheim har i stor grad vore avskåret frå kontakt med omverda gjennom pandemien. Difor har blant anna Stavanger Symfoniorkester (SSO) og Stavanger Brass Band blitt hanka inn for å spre glede på fleire sjukeheimar i kommunen.

I dag er det Rennesøy og Finnøy sin tur.

– Dette er dessuten ei publikumsgruppe som ikkje kan ta del i gjenoppdagelsesfesten og i ordinært kulturliv. Me prioriterer derfor å oppsøkja dei og spela små konsertar der dei er, opplyste kommunikasjonssjef i SSO, Cecilie Christ, tidlegare denne veka.