Det har ikkje vore mange innom gjenvinningsstasjonen dei gongene han har jobba, fortel deltidstilsett Tobias Vervik Johannessen (19).|Jorunn Sørbø nytta seg av gjenvinningsstasjonen denne veka. Ho synest det er leit at den foreslås avvikla.|Tobias Vervik Johannessen, deltidstilsett på Hausken gjenvinningsstasjon, Rennesøy, misser ikkje jobben på stasjonen foreløpig.|Tobias Vervik Johannessen, deltidstilsett på Hausken gjenvinningsstasjon, Rennesøy. Nå¨blir mottaket her nedlagt.

RENNESØY:

Basert på ei telling frå april, gjennom sommarmånadane, og fram til august, er det for få som nytter seg av gjenvinningsstasjonen på Rennesøy.,

Det meiner kommunedirektør i Stavanger kommune, Per Kristian Vareide. Det er også eitt av hovudargumenta hans til kvifor det burde avviklas.

– Blir sakna

– Det er eg ikkje så glad for, men det er nok andre som ser litt meir av heilheten eg ikkje ser. Eg reknar med at det har med økonomi å gjera, seier Jorunn Sørbø.

Ho tok turen frå Sørbø denne veka, for å kaste hageavfall.

– Det blir sakna, det er så greitt å ha det i nærleiken. Men ein tenker vel kanskje mest at det er synd viss ein sjølv vil ha muligheiten til å nytta seg av

Stasjonen er berre open èin dag i veka, tirsdag, og då er det heller ikkje mange som tar turen, ifølge saksdokumentene.

Dei fleste som var der i perioden det blei telt, nytta den til å levera hageavfall.,

– Det er dumt at det kanskje avvikles, men det gir meining óg. Eg er deltidstilsett og jobbar eigentleg ein anna plass, så eg har berre jobba her to ganger, men då har det så vidt vore folk her, seier medarbeider på stasjonen, Tobias Vervik Johannessen (19).

Han trur det var rundt 20 personar innom anlegget på den eine vakta han jobba. På den andre reknar han med at det var rundt sju personar, totalt.

Jorunn Sørbø nytta seg av gjenvinningsstasjonen denne veka. Ho synest det er leit at den foreslås avvikla. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Trengs forbedringar

,Forutan dårlege besøkstal, skal det i tillegg vera behov for ein del forbedringar ved anlegget, som

«bør gjennomføras for å sikre forsvarleg drift»

, ifølge sakdokumentet. Det ville ha kosta rundt 150-200.000 kroner, ifølge kommunedirektøren.,Det føreslås at innbyggarane på Rennesøy kan nytta seg av gjenvinningsstasjonen på Finnøy i staden, ettersom det tar

«i underkant av 20 minutter å køyre frå Vikevåg til Judaberg»

står det vidare.

– Det går vel greit om det legges ned også, i og med at Finnfast har blitt gratis. Det er jo ikkje lange turen til Finnøy, seier Vervik Johannessen.

Saka skal behandles i Utval for miljø og utbygging (UMU) onsdag 24. november.