Morten Blidensol frå Stavanger kommune i gang med å hengja opp hjerter på Judaberg.|Det blir nok fint når dei får lys i seg.|Ti blodraude hjarter, med lys i, skal på plass. Morten Blidensol i liften, og John Gard, begge frå Stavanger kommune er i gang med å hengja opp hjartene.|Anvik har saft frå ein ny type epler, Rosetta, som gir ei raud eplesaft.|Det er ein kald fredag på kaien, men Karstein Anvik let seg ikkje skræma, og har rigga seg til med salg av frukt og saft.,

FINNØY: For første gang blir Judaberg pynta til jul med store, raude hjerter. Ti hjerter skal hengjast opp i bjørketreet ved Innbyggartorget, og søndag, under tenninga av "Gro-busken" klokka 16, vil også lysa bli sett på i hjertene.,

Ti blodraude hjerter, med lys i, skal på plass. Morten Blidensol i liften, og John Gard, begge frå Stavanger kommune er i gang med å hengja opp hjertene. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Då skal Judaberg vera ferdig pynta i sin finaste stas til jula, barnekoret skal syngja og det nystarta musikkorpset skal spela.

Får juletreskogen på Hauske kjem nissen med sekk fyllt av gåver frå Coop til borna.

Elles blir det åpne butikkar og god stemning.  Ryfylkekokken sel kaffi, gløgg og utvalde produkter utanfor julehuset til Finnøy Blomster, og Bethel har åpen adventskafé med eplegløgg, varm sjokolade, kaffi og pølser.

Det blir nok fint når dei får lys i seg. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Eg gledar meg, det er alltid kjekt med juleåpning på Judaberg, seier Tove Rosland i Kaihuset til Øyposten. Ho vil i likhet med Finnøy Blomster ha åpen butikk, og servera varm sjokolade og nysteikte boller.