Rune Nedrebø,

OMBO:

Olsen la frå land i Bjelkavik ved Tuftene som 59. åring 3. august, og kom i land på same staden dagen etter som 60. åring. Då hadde han rodd rundt heile den store øya, Ryfylke si største øy og den nest største øya i Rogaland etter Karmøy.,

Turen er rundt tre mil, og i effektiv roing anslår Olsen at han brukte ni-ti timar. Første etappe gjekk til Jørstadvåg, og siste etappe derifrå til startpunktet, kor familien venta med kake og nysteikte lappar og kaffi.

- Akkurat slik eg ønskte meg, seier Arnfinn Olsen til Øyposten.

Under vegs var det lagt inn fleire stopp med mat og drøs.

-Kvifor gjorde du dette?

Naturoppleving

-Eg fekk sett i stand robåten min, ein 50 år gammal færing. Bror min var med og skrapa og pussa. Dessutan er det å ro ein flott naturopplevelse som også er god trim. Eg såg både havørn, nise og kobbe på turen. Det gir det også anledning til å filosofera litt over livet, seier Olsen, som hadde vekslande vær med både regnbyger, solskin, straum og motvind på turen.

- Kort og godt slik livet også er, seier han.

Arnfinn Olsen legg til at han også har ein tanke om å bidra til å fremja roturar i øyriket i Ryfylke.

Roruter

- Det er gjort mykje godt arbeid med å leggja til rette for turar på land, men mindre for turar på sjøen. I Hordaland og på Sørlandet er det peika ut fine roruter, og det kunne me også hatt her. Ombo-rundt er ein flott tur,  med mulighet til å campa eller ta alternative avstikkarar mot Hjelmeland eller Sjernarøyane til dømes, seier Olsen ivrig.

-Du kjende det vel i nevane etterpå?

-Mest i setemuskulaturen. Følgebåten min var ein oselvar, og den har ei god tofte, så det gjekk nok betre, seier Arnfinn Olsen, som kan tenkja seg å gjennomføra ein liknande tur igjen.

Familieprosjekt

-Då kanskje med båt laga på Ombo, ein Tingvik- eller Lienbåt, til dømes, seier den spreke ombobuen, og rettar ein stor takk til familien.

"Dette blei eit familieprosjekt, der storebror Bjørn Asgaut var med å klargjorde båten, og minstesøster Ingrid Marit var med på ein etappe. Bruk av gjenstandar, som f.eks. denne 50 år gamle robåten er jo faktisk den beste måten for bevaring! Og ikkje minst takk til alle jentene mine m/ fam. Anna Karina, Magnhild, Thea Maria og Amalie var med å bidrog til minnerike dagar! Kjekt også for barnebarna Johannes og Arvid Johan Lygre som likar aktivitet ute. Minste barnebarn Andreas Løland var med på land (født nov 2019) Han får bli med neste gong!, skriv Olsen i ein epost til Øyposten."