Heile 23 store såkalla varmevekslarar med avansert datateknologi til både klimastyring og varmegjenvinning, er nemleg montert opp på utsida av den nye veksthusavdelinga.- Hensikten er å optimalisera både klima og vekstviklkåra for tomatplantane inne i veskthuset. Då ved å trekkja ut den varme og fuktige lufta, for deretter å sende inn ny og tørr luft som har ein tempertatur som berre er nokre få grader lågare enn den lufta som vart trekt ut av veksthuset, fortel eigar Håvard Skavland. -På den måten kan ein oppnå den optimale fuktigheita for plantene inne i veksthuset, unngå ekstra lufting og uttørking av veksthuset ved tradisjonell ventilasjon gjennom taklukene, samtidig med at ein sparer betydeleg mengder energi. I tillegg forsvinn ikkje CO2 ut gjennom luftelukene, slik at eg på den måten også kan optimalisera CO2-nivået inne i veksthuset til eit nivå som gir dei beste betingelsane for tomatplantane. Då trur eg at sluttresultatet blir både større avlingar, friskare planter og ikkje minst ein betydeleg reduksjon i energiforbruket og i utslepp av klimagassen CO2.,

-Ja, kva reduksjon i energiforbruket snakkar me om?

-Erfaringar frå Holland, som har prøvd dette ut i mindre skala, tilseier 30 % reduksjon. Men i Holland er energiprisane enno så låge, at ei slik investering som dette ikkje vil vera lønsam der. I Norge, derimot,der energiprisane er langt høgare, og der tøffe krav til utslepp av CO 2 er like rundt hjørne, vil nok reknestykket bli langt gunstigare, meiner Håvard.

Hjå Håvard og kona Edle som er dagleg leiar i Skavland Gartneri AS, er det no også lagt opp tilleggslys i heile det 26 dekar store tomatgartneriet. Det gjer sitt til at produksjonssesongen strekkjer seg over heile 10 månader. Frå omlag 1. februar til 1. desember. Med dei siste energiøkonomiserande tiltaka vil også bruken av naturgass bli mindre, slik at denne no utgjer omlag 40% av det totale energiforbruket. Dei resterande 60 % er elkraft.

Eit opplegg med heilårs lysproduksjon i såkalla "lukka veksthussystem", basert på nedkjøling og oppvarming ved hjelp av varmepumper og eit opplegg for CO2 fangst etter modell frå NIBO-Særheim og forskningsveksthuset der, trur Håvard blir alt for dyrt og kostbart for ei ordinær veksthusbedrift til tomatproduksjon i dag.

-Det er difor eg tek denne mellomvegen, og satsar på varmevekslarar og eit avfuktingssystem som samtidig gir varmegjennvinning på denne måten, fortel Skavland-

Eit system som er det første i sitt slag innan norsk veksthusproduksjon i dag, og som blir fulgt med på i spenning frå andre yrkeskollegaer i tomatnæringa over heile landet.Enova har støtta investeringa med 30 % i tilskot.