Ein oversikt som er utarbeida av avdelinga "økonomi og eierskap" i Stavanger kommune, viser at ein familie eller person som eig ein bustad på 120 m2 i Finnøy kommune i dag, vil få redusert sine kommunale avgifter med 5029 kroner, eller 32%, når Finnøy blir ein del av Stavanger kommune frå nyttår.,

Dette reknestykket er basert på avgiftsnivået knyta til avgiftsnivået på vatn, renovasjon, avløp, feiing og eigedomsskatt for 2020.Eigedomsskatten er foreløpig ikkje harmonisert i dette oppsettet, ettersom dei nye eigedomssatsane i Nye Stavanger kommune ikkje skal tre i kraft før i 2021. Dei politiske vedtaka og den administrative prosessen så langt, tyder likevel på at ein huseigar i Finnøy vil få ein ytterlegare markant nedgang i det kommunale avgiftsnivået som er knytta til sin bustadeigedom.

Om ein ser på kostnader knyta til både barnehage, SFO og kulturskulen vil det berre vera marginale skilnader frå dagens nivå. Likevel vil ein småbarnsfamilie med born med opphald i SFO-en,der vedkomande born går i 1. klasse, få ein markant nedgong ettersom den nye politiske ledelsen i Stavanger kommune har vedteke gratis SFO for 1. klassingar.

For full oversikt sjå oppsett i tabell

Øyposten kjem tilbake med eit liknande oppsett for huseigarar og familiar som bur i Rennesøy, som også blir ein ny kommunedel i Stavanger frå årsskifte.