Øyposten har omtala denne saka fleire gonger tidlegare, etter at både Finnøy kommune og Fylkesmannen så langt tilbake som i 2010 ga løyve til å føra opp eit nytt naust på dei gamle tuftene frå 1940-talet.Diverre for Bokn vart byggetillatelsen ikkje effekuert innan tidsfristen på tre år, og Bokn måtte fremja ein ny søknad. Finnøy kommune ga så seint som i fjor grønt lys for eit nytt byggeløyve, men ein hyttenabo meir enn 200 meter borte påklaga dette byggjeløyve, og fekk seinare på året medhald hjå Fylkesmannen.,Avslaget vart begrunna i omsynet til allmennnheten og friluftsinteressene. Ei klage til Sivilombudsmannen førte heller ikkje fram, og no har administrasjonen i Nye Stavanger kommune varsla den 81 år gamle bonden om at det kan påløpa ei dagbot på 1000 kroner om ikkje naustet blir rive. Men først skal saka opp til politisk behandling i Utvalg for by- og samfunnsutvikling i kommunen.,

                                               -Finn det heilt urimeleg

Tdlegare kommunestyremedlem og nåverande nestleiar i kommundelsutvalet, Jon Olav Runestad frå Fogn, har engasjert seg sterkt i saka. No set han si lit til at politikarane i Utvalg for By og samfunn i den nye kommunen ser det urimelge i dette, og overprøver Fylkesmannen sitt vedtak og ikkje gjennomfører rivingsvedtaket;

-Fylkesmannen kan umogeleg ha sett seg inn i dei reelle forholda på plassen. Dette er eit eksempel på direkte og heilt unødvendig maktmisbruk av Fylkesmannen. Eg meiner framleis, som politikar og privatperson, at Fylkesmannen har ei viktig rolle å spela som Staten sin forlenga arm i den offentlge forvaltninga. Men her går embetsverket langt over streken etter mi meining, seier Runestad til Øyposten.,-Og eg kan heller ikkje med min beste vilje sjå at det trugar friluftsinteressene og at dette er noko idyll,ettersom det er ført i land både straumkabel og vatn akkurt i dette området. Dette er også tydeleg varsla i form av eit større skilt på naustveggen, poengterer Runestad.

                                                       -Vil følge opp saka

Mats Danielsen (Fr.P) sit som medlem i Utvalg for by- og samfunnsutvikling . Han lovar å fylgje opp saka når ho kjem på politikarene sitt bord i utvalget.-Då kan eg lova at i alle fall eg og mitt parti vil stemme nei til å ilegge Bokn ei dagbot på 1000 kroner. Mitt parti er veldig oppteken, på reint prinsipielt grunnlag, å hegna om den private eigedomsretten. I dette tilfellet er det også knyta til privat næringsvirksomhet på dei minder øyane i både Rennesøy og Finnøy. Der har Fr.P spelt inn i kommuneplanen, at ein i langt større grad skal føra ein meir liberal politikk enn det praksisen har vist og kommuneplanen har lagt opp til fram til nå.