Nicolai Tysdal, Amalie Hammer Vadla og Jenny Aartun med fanane som speidarane har laga.|||Godt å varma seg etter ei kald natt. Frå venstre Torleif Hetland, Nicolai Tysdal, Christer Tysdal og Jenny Aartun.|Gjengen samla til frokost. Nicolai Tysdal (t.h.), Amalie Hammer Vadla, Wiktoria Kowalska, Iselin Tuca, Christer Tysdal, Adele Rødne, Torleif Hetland, Maren Elise Mjølhus og Jenny Aartun.|Nathalie R. Helgeland måtte heim ein tur for å pleia pollenallergien, men var snart klar til ny dyst i speidarleiren.||||Pop Up-do høyrer med. Adele Rødne viser fram fasilitetane|Nicolai Tysdal, Amalie Hammer Vadla og Jenny Aartun med fanane som speidarane har laga.

SJERNARØY:  På spørsmål frå Øyposten sin utsende, som ikkje er like tøff og fyrer i omnen så snart gradestokken kryp under 15 pluss, om det er kjekt å vera speidar, kjem det unisont frå speidargjengen rundt frokostbordet:,

"Jaaaa", langt og muntert, mens regnet trommar på telttaket, og lagar fine, blanke fossefall der duken sluttar. På ei snor heng våte soveposar til tørk.

-Kva er det som er så kjekt, då, undrar me.

Gøy og bading

-Men finn på mykje gøy, og slepp å vera heime saman med søskna våre. Og seinare skal me bada, er svaret.

Godt å varma seg etter ei kald natt. Frå venstre Torleif Hetland, Nicolai Tysdal, Christer Tysdal og Jenny Aartun. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Måke-patruljen frå Sjernarøy speidargruppe har slått leir i eit lite skogholt på Helgøy, og i det store fellesteltet er det dekka opp til frokost. Det er fyr i bålpanna, og speidarlivet er slett ikkje så verst, likevel. I utkanten står eit lite, smalt og høgt telt, som viser seg å innehalda "pop up-do".

Her er det tenkt på det meste, med andre ord.

Eigentleg skulle dei vore på landsleir denne veka, men koronaen gjorde at kvar enkelt speidargruppe måtte laga sin eigen vesle landsleir. Slik også på Sjernarøy, Helga gjekk med til å hengja opp fuglekassar, rebusløp, grilling, kortspel og andre kjekke, speidaraktivitetar. Og sjølvsagt sang rundt leirbålet, det er obligatorisk.

10.000 frå Bremnes

Sjernarøy speidargruppe blei starta i 2009, og tel for tida 10 medlemmer. Speidarlaget fekk nyleg ei kjærkomen pengegåve på 10.000 kroner av Bremnes Seashore, som skal gå til stormkjøkken, lavo og anna utstyr.

Pop Up-do høyrer med. Adele Rødne viser fram fasilitetane Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Leiar Rita Vik stadfestar det gamle uttrykket om at "det ikkje finst dårleg vær» osv, for ekte speidarar.

-Fredag kveld hadde me det kjemefint. Då skein sola, og det var til og med nokre som gjekk til toppen av Helgøy for å beundra solnedgangen, seier Vik til Øyposten, som sjølv var speidar då ho vaks opp på Nøtterøy.Til Sjernarøy kom ho i 1987, og saman med Tove Bergjord Tysdal driv ho speidarlaget i Sjernarøyane

Nathalie R. Helgeland måtte heim ein tur for å pleia pollenallergien, men var snart klar til ny dyst i speidarleiren. Foto: FOTO: Privat

Også dei overnatta i telt denne natta, og i følge speidarane sov dei i gode senger "over bakken".

-Det gjorde ikkje me, men me er villmarksbarn, fastslår dei barske speidarane.

Gjengen samla til frokost. Nicolai Tysdal (t.h.), Amalie Hammer Vadla, Wiktoria Kowalska, Iselin Tuca, Christer Tysdal, Adele Rødne, Torleif Hetland, Maren Elise Mjølhus og Jenny Aartun. Foto: FOTO: Rune Nedrebø