RENNESØY:

-Etter mi meining blir dette heilt feil. Kvifor køyrer kommunen inn ny aktivitet og pussar opp i det gamle kommunehuset, når det like vel skal rivast, spør Elin Schanche.,

Ho reagerer på planane korordinator for Innbyggartorget, Tina Nådland gjekk ut med i Øyposten nyleg. Der fortalte ho om planar om å åpna dørene i det gamle kommunehuset meir for bygdefolket. Kjøkkenet er renovert og det er planar om fredagskafe og eit eige spelerom for e-sport i huset for ungdom.

-Det ville vore betre om kommunen heller satsa på Kulturhuset Meieriet, i staden for å bruka pengar på eit bygg som likevel skal rivast. I kulturhuset er det både plass til fredagskafe, spelerom og kjøkken som med litt oppgradering kan dekka dei fleste behov, meiner Schanche.

Styrkjer ikkje Vikevåg

Ho meiner planane for kommunehuset ikkje vil bidra til å styrka Vikevåg som sentrum.

-Eg er forundra over at kommunedelsutvalet ikkje er involvert i dette, og stiller meg også spørjande til kvifor ikkje kvifor kommunedelsutvalet blir sterkare involvert i planar for korleis dei frivillige organisasjonane kan involverast sterkare for å styrkja sentrum i kommunedelen, meiner Elin Schanche, som understrekar at det i utgangspunktet er veldig positivt at kommunen brukar midler på å skapa aktivitet i Vikevåg og Rennesøy.

Direktør Herbjørn Tjeltveit, i Stavanger kommune meiner likevel at det ikkje er noko motsetning mellom det som nå skjer i kommunehuset i Vikevåg og det som skal bli den framtidige satsinga frå kommunen si side her.

Framtida ikkje her

-Det er vedtatt at det skal lagast ein mulighetsstudie for Vikevåg, men den vil ta tid. Det einaste som er sikkert er at Vikevåg skal forsterkast som sentrum i kommunedelen på ein god måte, seier Tjeldtveit.

-Kvifor ikkje satsa på Kulturhuset Meieriet med ein gong?

-Dette er ting som me seinare kan flytta på. Det gjeld til dømes datautstyret for spelerommet. Inntil det er bestemt korleis kommunen skal satsa i Vikevåg trengst det midlertidige lokalitetar, seier Tjeltveit.

Står vedtaket om å riva kommunehuset ved lag?

-Eg har oppfatta veldig klart at det som skal skje i framtida i Vikevåg ikkje skal skje her, svarar Herbjørn Tjeltveit.