SJERNARØY:
-Dei har gjort ein kjempejobb, me har sett blinkande lys seint og tidleg, seier Arnfinn Tumert på Sjernarøy.,
Den pensjonerte læraren er svært godt fornøyd med vegvedlikehaldet i vinter, og føler han har kunna ferdast trygt på vegane heile vinteren.
-Eg har piggdekk, men uansett har vegane her på øyane vore veldig bra, seier han.
Det er Jon Nesheim og Jostein Breivik som har hatt ansvaret for å halda vegane trygge og farbare på Sjernarøy.
-Det er kjekt å få slike tilbakemeldingar, seier Jon Nesheim til Øyposten.
Det er første vinteren Nesheim har hatt jobben med å brøyta og strø. Det blei ein ildåp, skulle det visa seg, for januar har vore veldig hektisk, synes han.
-Me blei litt stressa då me var i ferd med å gå lens for strøsand, for det gjorde dei også på dei andre øyane. Då måtte me vera litt sparsommelege, men det gjekk heldigvis fint, seier han.
-Har det vore ein vanskeleg vinter?
-Til ider har det vore vanskeleg å vita kva tiltak me skal gjera, men eg føler me har truffe dei fleste gongene, seier Jon Nesheim, som set pris på viss folk melder frå om glatte vegar.
-Det ser me positivt på og tek det ikkje som kritikk. Det er veldig viktig at folk gir oss tilbakemeldingar, seier han.
Jon Nesheim reknar med å ha strødd ut 300 tonn med sand på vegane på Sjernarøy hittil i vinter.