Frå nyttår blir det mest 12 prosent billegare å reisa med ferjene. Foto: Arkiv

FINNØY: I verste fall betyr det at arbeidsturnusane for desse må endrast for å få folk på arbeid til rett tid.,

Ifrå 1. januar er pendlarferja ifrå Fogn til Judaberg klokka 0700 ute av rutetabellen og erstatte med ny avgang klokka 0720. Det betyr store utfordringar når dagvaktene på sjukeheimen startar klokka 0730. Det same er tilfellet om ettermiddagen. Avgangen klokka 1600 ifrå Judaberg til Fogn er framskuven med 10 minuttar og går klokka 1550.

Tullete avgang

- Det er same greia kvar gong det kjem nye ferjeruter. Me har sjølvsagt forståing for at det er vanskeleg å gjera alle til lags, og at det er mange omsyn å ta, men noko betre enn dette, bør kunne gå an, seier Arnstein Bøe i grendalaget på Fogn, og viser i tillegg til avgangen i den nye rutetabellen som neste år skal gå ifrå Judaberg til Fogn klokka 0050 natt til måndag, med retur klokka 0105.

- Denne er ikkje lett å forstå. Kva i all verda skal me med ein avgang natt til måndag, den vil sjeldan eller aldri bli brukt. Avgangen må jo vera natt til sundag. Det var det me hadde som ei ‘’fotnote’’ i 2018 då rutene blei diskutert

- Kva har grendalaget tenkt å gjera?

- Me har vore i kontakt med Kolumbus , men på det tidspunktet kunne ingen gi eit fornuftig svar på kva meininga med denne avgangen er. Det er også usikkerheit om Kolumbus meiner at 0050 på sundgsruta betyr sundag morgon eller måndag morgon. Tomas Nesheim i grendalaga sitt ruteråd, har teke saka opp med dei og fått beskjed om at den mest sannsynleg vil bli endra, men ikkje med det første. Grendalaget har i tillegg sendt ein mail til fylkeskommunen, kommunen og Kolumbus der me kjem med forslag til ei forbetring av rutestrukturen, i forhold til pendlaravgangane som forsvinn frå nyttår. Eg tenker at så lenge det går to hurtigbåtar ifrå Judaberg til Stavanger klokka 1600, bør ein av dei kunne gå innom Fogn. Tidsmessig vil ei slik løysing ikkje by på problem då den eine båten er sett opp med fem minutt ekstra seglingstid. På morgonen har til dømes Helgøy skyssbåt ledig kapasitet og kan vera på Fogn klokka rundt 0650, avsluttar Arnstein Bøe.

Lars Erik Tveit, driftsleiar for båt i Kolumbus, seier til Øyposten at grunnen til avgangen ifrå Judaberg til Fogn natt til måndag, er at avgangen før, klokka 2240, er i tidlegaste laget ein sundagskveld.

- Ei endring av denne avgangen vil og få konsekvensar for dei andre øyane, men dette vil me sjå på ved evalueringa av dei nye rutene, seier Tveit.