Desse karane stakk av med den gjevaste batteripakken. F.v: Aleksander Nåden, Hans Ola Egelandsdal og Monrad Tjelta Halvorsen. Bak f.v Rune Nåden og Svein Inge Goa.

- Dette er den dyraste pakken til 2750 kroner, og av denne kaliberen har me berre fått inn ein, men den kjem garantert til å forsvinna. Så langt har det vore godt sal, og det er også kva me høyrer ifrå andre som starta salet i går. Me har godt utval av forskjellige pakkar i alle prisklassar, også for dei yngste, fortel dagleg leiar i Coop Extra, Svein Inge Goa.,

Og mens Øyposten er innom kjem tre vaksne gutar målretta mot salsbua. Det er tydeleg at dei veit kva dei skal ha, for her er det ingen som tvilar seg fram.

-Det blir den største pakken i dag, slår kameratgjengen fast. Dei skal feira på Finnøy og vil gjera det skikkeleg.

Goa legg vernebriller oppi posen.

Ein annan som lurte litt på den store pakken var Marton Østebøvik med borna Sofie og Eivind.

- Ja, eg gjorde det, men enda opp med den nest største. I tillegg har eg teke med nokre mindre  pakkar til ungane, fortel Marton som spleiser på fyrverkeriet saman med ein kamerat.

- Eg er ikkje redd for rakettane, forsikrar Sofie på 9 år.

- Ikkje eg heller, seier veslebror Eivind på 6 år.

I anledning den store kveden ha dei vore hjå frisøren og ordna seg på håret. Rosa striper og pannelugg passar godt til ei slik festleg høgtid som nyttår er.

Det er jamt sig av kundar, men dei fleste handlar fyrverkeri godt på innsida av 1000-lappen.

- Ja, dei alle fleste handlar for mellom 300 og 1000 kroner, det er mest å rekna som impulskjøp, fortel Rune Nåden.

Tryggleik er sjølvsagt viktig når ein skal tenna fyrverkeri, og regel nummer ein er å plassera batteriet på ein trygg og open plass, nyttar vernebriller, ikkje bøyer seg over batteriet under tenning, og sist men ikkje minst, å vera edru når ein tenner fyrverkeri.