Samfredselpolitikarar på tur i Ryfylke i forbindelse med forslaget om kutt i hurtigbåtruter tidlegare i år. Frå venstre Svein Erik Indbjo (frp), Ole Ueland (h), leiar i samferdselsutvalet Alexander Rügert-Raustein (mdg), Tom Kalsås (ap), Kjartan Alexander Lunde (v), Solveig Ege Tengesdal (krf) og Jarle Bø (sp).

I fylgje samferdselssjefen er det kostnadsnivået for drifta av hurtigbåtane som gjer det nødvendig med ei omstrukturering og såleis sjå på alternative moglegheiter for kollektivtrafikk i vår del av regionen.,

- Det kjem mest sannsynleg ei omstrukturering av kollektivtilbodet i heile Rogland innan 2023,  inkludert Ryfylke, opplyser leiar i samferdselsutvalet Alexander Rügert-Raustein til Øyposten.

-   Etter som det er tunnelar både til Finnøy og til Strand er det naturleg å sjå på buss som eit alternativ mellom Finnøy og Stavanger og også mellom Finnøy og Rennesøy. Nå er me i ferd med å skaffa oss informasjon og oversikt på korleis kollektivtrafikken fungerer i denne delen av fylket, og det gjeld både buss, hurtigbåt og ferjer. Turen me hadde sist fredag var såleis ei slags realitetsorientering for oss politikarar, det er alltid lettare å meina noko når ein forstår korleis ting heng saman. Det er ikkje alltid at kart og terreng stemmer, difor er det greitt å gjer seg opp eigne erfaringar.

- Kor stor sannsynlegheit er det for at hurtigbåten kan bli byta ut med buss?

- Så langt har me ikkje komme ennå, så det kan eg ikkje sei noko sikkert om nå, men eg reknar med at me veit meir til sommaren, avsluttar Alexander Rügert-Raustein.