"Fjordfart" blir sett inn i ruta etter grunnstøytinga.|Alexander Rugert-Raustein

STAVANGER: Kuttet i hurtigbåttilbudet kan fort bli ein alles kamp mot alle, noko leiaren i samferdselsutvalet, Alexander Rügert-Raustein meiner alle vil tapa på.,

-Tenk korleis me kan få til eit felles opplegg som gir framkommelegheit for alle i Ryfylkebassenget, framføre korleis sikre at mest mogleg av dagens tilbod til eigne innbyggjarar oppretthaldast. Med slik felleskapstenking hindrar me at den eines siger blir den andres tap. Det er ikkje opplagt kven som vinner, og mest sannsynleg taper dei fleste om ikkje ei fellesløysing er målet, skriv han i brevet som mellom anna er sendt til Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun.

Alexander Rügert-Raustein (mdg)

Han understrekar også at "målet med denne fyrste runden er å finne synergiar og samspel som kan gje oss eit godt kollektivtilbod innanfor den reduserte ramma".

https://www.oyposten.no/2021/01/26/det-kan-bli-buss-for-hurtigbat-i-ryfylke/

I brevet heiter det vidare at "Eg ber med dette deg som ordførar om å koordinere innspel til dette strategiarbeidet frå din kommune. Fagleg råd frå eiga administrasjon og tilbakemeldingar frå innbyggjarar, interessegrupper og grendelag m.fl. i din kommune. Det bes om tilbakemelding av kva behova er, idear og tankar om kva grep som kan gje oss innsparingar. Det kan som eksempel vere endring av rutestruktur, andre typar båtar som er tilpassa reelt kapasitetsbehov, korleis kan buss, ferge og hurtigbåt sjåast i samspel osb. Innspel kan med fordel bygge på dei me fekk i møtet i november i fjor.

Innspel bes om å vere prioritert i tråd med fylkestingsvedtaket:

Lovpålagt skuleskyss, Samfunn utan fastlandsforbindelse, Pendlar-ruter til arbeid og skule., Nærings- service og reiselivstransport

Arbeidsgruppa kjem også til å møte interessegrupper direkte. På denne måten vil me kunne skaffe oss ei forståing av behov, konsekvensar av endringar og føreslåtte grep, båe direkte frå dei berørte men også i den enkelte kommunes kontekst".

Fylkeskommunen har sett ned ei tverrpolitisk arbeidsgruppe som skal ha klar eit forslag til møtet i samferdselsutvalet 27. mai basert på ei ramme som er redusert med kr 40 millionar frå opprinneleg kr 185 millionar årleg.

Mellom anna skal det spesielt vurderast om auka buss frå til dømes Tau, Judaberg og Hjelmeland kan vera eit alternativ.

Kommunedelsutvala i Finnøy , Rennesøy og Storhaug vil bli involvert, og får møta arbeidsgruppa. Rennesøy har tilbudet til Brimse å tenkja på, mens Storhaug har byøyane og Finnøy har dei "ikkje landfaste øyane".

Det er også aktuelt å leggja saka fram som ei orientering for kommunalutvalet i Stavanger.