Atle Johan Landa og dottera Vibeke skaut den første hjorten i den første hjortejakta på Finnøy.(Foto, Privat)

Det er leiar og koordinator for det nyoppretta jaktvaldet på Finnøy, Kai Petter Flesjå, som opplyser dette til Øyposten i dag.,Som avisa tidlegare har omtala, så er det for første gong dette året gitt løyve til å fella til saman 10 hjort på øya. Dette med bakgrunn i at tal hjort har auka kraftig i løpet av svært kort tid.,- Det er felt ein hjort på Mjølsnes,ein på Spanne, to på Hauske-Harås og ein på Hesby, like nedanfor Vestbøvarden, opplyser Flesjå.,Bonden på garden Vatne, øverst på Finnøy, har sjølv skote hjort og fortel at no ligg det ei over 50 kilo ferdigpatert "hind", (hunhjort), i fryseboksen.,

-Og nå vert det kortreist hjortekjøt på juletallerkenen i staden for kortreist pinnekjøt frå eigen gard denne jula?

-Eg seier sjølvsagt ja takk til begge delar, smiler den jaktinteresserte skyttaren og bonden, som er rimeleg sikker på at det har etablert seg i alle fall 30 stk.hjort på øya på kort tid dei siste åra.

-Det er difor viktig å forvalta bestanden rett og gi rom for jakting alt no, meiner han.

,-Men dei merkar på seg at det er noko som skjer, og spreier seg difor litt meir over alt for tida. Likevel er dei mest dagleg å sjå rundt omkring på heiane i skogsområda frå Mjølsnes-Spanne og innover mot Harås og Vestbøvarden, legg Flesjå til.