STAVANGER:

Forslaget blei fremma av ordførar Kari Nessa Nordtun, i forbindelse med at kommunen skulle koma med sin reaksjon på Victor Norman si distriktsmelding. Ho viste mellom anna til innspela som ungdom i Finnøy kom med til den same meldinga.,

Men vedtaket blei ikkje gjort utan motforestillingar. Høyres Elin Schanche og John Peter Hernes kunne ikkje gå med på forslaget om gratis eller redusert pris på  ferje og hurtigbåt, og Frode Myrhol (fnb) meinte at kampen for å snu flyttestraumen frå distrikta var ein tapt kamp.

Frode Myrhol: Kampen for å snu flyttestraumen er ein tapt kamp.

-Ungdommen vil ikkje bu der fordi det er for dårlege tilbud for dei der, sa Myrhol, og viste til at han sjølv hadde flytta frå det som i hans auger var ein liten kommune med 10.000 innbyggjarar på Nord-Vestlandet til Stavanger.

-Men viss fleirtalet vil prøva dette skal ikkje me stilla oss i vegen, sa Myrhol, og stemte saman med fleirtalet.