Det gjekk varmt for seg etter at Sven Foldøen hadde vore på talarstolen i Hausken kyrkje i Vikevåg.

FINNØY/RENNESØY:

Begge dei to daglege leiarane for kyrkjene i Rennesøy og Finnøy, Jørn Gabrielsen i Rennesøy og Heidi Bø Sangedal bekreftar dette ovanfor Øyposten.,

-Det er enno noko uklart kor mange som vil kunne delta på julegudstenestene i dei respektive kyrkjene og kapella rundt omkring på øyane, ettersom det per i dag er ein del spørsmål knyta til kva som er definert som såkalla "faste sete" eller ikkje, opplyser Bø Sangedal som representerer dei tre sokna i kommunedelen Finnøy.

-Me reknar likevel med å få ei avklaring på dette relativt raskt, og vil då koma tilbake med både ei utlysing der folk kan melda seg på og kor mange som vil kunne delta.

Målet er likevel å ha dette på plass innan 14. desember, slik at påmeldinga då kan starta, legg ho til.

Dagleg leiar ,Jørn Gabrielsen i Rennesøy, bekreftar også at dette er ei aktuell problemstilling i Rennesøy ,og at dei om kort tid vil gå ut med ei kunngjering der folk kan melda seg på.

,-

Så om det ikkje har vore trangt i dei fem kyrkjene i Rennesøy på sjølve julaftan tidlegare, så vil det i alle høve bli det dette året. Og gjerne lange ventelister også?

-Ja, det vil det nok heilt sikkert bli. Men då får ein heller venta til neste år, repliserer Gabrielsen og smiler.

To gudstenester i både Hesby, Sjernarøy og på Talgje

-I utgangspunktet vil me starta påmeldinga 14. desember kl. 09.00. Då håpar me også å ha ei endeleg avklaring rundt det praktiske i forhold til dei nye smitteverntiltaka, opplyser Bø Sangedal. -Me vil leggja ut ein eigen link der folk kan melda seg på når ting er endeleg klart, men det vil også vera mogeleg å melda seg på ved å skriva seg på ved oppmøte i kyrkja eller via telefon.

Foreløpig er planen at desember skal gå som "normalt".Jula er som kjent ei stor høgtid i kyrkja, og me vil gjerne vera til stades for alle. Dette inkluderer julevandring med barnehagane, skulegudstenester,"Me syng jula inn" og sjølve julegudstenestene. Det avgjerande nå blir korleis ein definerer stolrekkene/benkene i kyrkjene våre. Men me veit at kyrkja sentralt jobbar med dette inn mot regjeringa, held Heidi fram.,-Håpet vårt er likevel at det i alle fall skal vera plass til til dei 100 i Hesby og på Fogn, og 50 i dei mindre kyrkjene/kapella våre. Det viktige her er at me held den nødvendige avstanden til dei som ikkje er i den same husstanden, poengterer ho.

Også dei to prestane i Hesby, Talgje og Sjernarøy sokn går ei svært så travel julaftan og julehøgtid i møte. I både Hesby, Sjernarøy og Talgje er det nemleg lagt opp til to gudstenester på kvar stad julaftan, medan det på Ombo, Fogn og Halsnøy er lagt opp til ei. I Mosterøy og Rennesøy sokn er det per i dag lagt opp til ei gudsteneste i kvar av dei respektive kyrkjene og kapellet.