STAVANGER:

I budsjettet i fjor blei det lova at 10-12 millionar til det nye kommunebygget som er tenkt i Vikevåg neste år. Men i budsjettet i år er pengane borte. Det er bare 500.000 til ei "mulighetsstudie" som skal gi eit bilete av kva investeringar Stavanger kommune bør foreta i Vikevåg.,

Dermed ligg det an til at dragkampen om løyvinga først kjem i neste års budsjett.

Hausken kyrkje

I budsjettet er det elles sett av ein halv million for å forprosjekt, eller avklaring, om kyrkjesenteret i tilknyting til Hausken kyrkje på Rennesøy skal byggjast. Her har det vore planar om eit lissynssenter, men denne posten blei stroken i budsjettet i fjor.

Elles er det sett av 30 millionar til utbygging av pleie- og omsorgsenteret på Judaberg neste år, og 50 og 26 millionar dei to påfylgjande åra. Her skal det mellom anna byggjast ei ny avdeling, oppgradering av kjøkkenet og  kanskje også ein sansehagen. Prislappen på heile stasen, som ligg an til å bli eit halvt år forinka, er 116 millionar kroner.

Godt drikkevatn

Det er også eit mål for Stavanger å gi fleire skikkeleg drikkevatn, og difor er det sett av 18,2 millionar kroner til utbygging av vannforsyninga i Finnøy neste år, totalt 30-35 millionar dei neste fire åra. Mellom anna er det planen å leggja vannledning vidare til Nord-Hidle og Halsnøy.

På Rennesøy er det sett av 18,2 millionar kroner til vannforsyning neste år. Vannledninga ut mot industriområdet på Hanasand er den dyraste posten her.

Vidare er det pengar til fortau frå Bru kai til krysset Bruveien-Vakthusveien, og den trafikkfarlege Åmøyvegen er ført opp med ei løyving på 35 millionar til gang- og sykkelveg. Vestre Åmøy er dessutan tilgodesett i budsjettforslaget med ein halv million kroner til ballbinge. Det er også funne plass til 200.000 som skal gå til riving av Bru gamle skule.

Judaberg skal få ny brannstasjon, og kommunedirektøren har sett av13,8 millionar til formålet. Det er også ført opp 3 millionar kroner til kjøp av aksjar i Finnøy Bioenergi.

Havbruksfondet ligg inne med 15 millionar kroner kvart år, men pengane går inn i felleskassa og ingen ting blir øyremerka spesielt til Øyfast.