Gaute Halleland med ei bøtte full av døde rugder.|||Rugdene hadde slått seg ned i bakken ovanfor tunet hans på Kindingstad.

FINNØY:

-Eg merka dei kom hit då frosten sette inn. Til å begynne med var det som om heile bakken levde, men etter kvart blei det stilt, seier Halleland til Øyposten.,

Naturens gang

Årsaken til forandringa fann han snart ut. Nyleg kom han over minst 50 døde rugder i bakken bak tunet hans.

Rugdene hadde slått seg ned i bakken ovanfor tunet til Gaute Halleland på Kindingstad. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Det var eit trist syn, men naturen kan vera brutal. Dette er naturens gang, meiner Halleland.

Han reknar med at dei har slått seg ned i skråninga fordi ho ligg sørvendt og er fri for snø.

-Dei jaktar på nok på mat i bakken, men bakken er stivfrosen, seier Gaut Halleland.

Viltforvarltar Vegard Ankarstrand i Stavanger kommune seier det har kome meldingar frå heile fylket om døde rugder.

Fleire overvintrar

-Me frykta dette ville skje, men det var forventa. Dei milde vintrane dei siste åra har gjort at rugda i aukande grad overvintrar i våre område. Når me får ein så langvarig, kald vinter som nå, klarer mange seg ikkje. Det gjeld også mange andre fugløar, men rugda er nok spesielt utsett, seier Ankarstrand.

-Nyttar det å hjelpa dei på noko vis?

-Det trur eg ikkje. Rugda leitar i mjuk og fuktig bakke etter innsekter og småkryp, og nå er bakken som kjent knallhard. Me bør heller la henne mest mulig i fred, og folk på øyane bør ha hunden i band viss dei skal lufta han. Viss rugda blir skræmd og tar til vengjene, kan det vera nok til at ho døyr. Så avkrefta er dei for tida, seier Vegard Ankarstrand.

https://www.oyposten.no/2021/02/07/ivasjon-av-rugder-til-oyane/