Det var til og med fleire som svinga seg i dansen, i alle fall blant dei tilsette.

Området ved inngangspartiet var pynta med forskjellige fargerike girlanderar, småbord, fine glas med fargerike drinkar og frisk frukt. Også dei tilsette hadde pynta seg med blomsterkransar i håret og syden-hattar.

Rykka i dansefoten

– Å ja, det er ikkje fritt for at det rykker litt i dansefoten, ler Jan Rørtveit, og dultar borti Bjørg Olsen som sitt ved sida.

– Bjørg er ei ekte dansedronning. Alle ville dansa med Bjørg, eg hugsar det.

– Eg likte godt å dansa i ungdommen, ja forresten eg har alltid likt det, smiler Bjørg.

Dei kunne gjerne tenka seg fleire grillfestar framover. F.v: Tomine Vik, Bjørg Olsen, Jan Rørtveit og Sigbjørn Eggebø. Foto: Oddbjørg Måland

Genevie frå Filipinene er ei anna dansedronning. Ho dansa mellom borda til stor glede for tilskuarane.

– I min kultur, er det meir vanleg å dansa. Eg hugsar at mormor gjorde det alltid. Ho kunne snu stemninga i rommet med dansen sin. Difor bestemte eg meg for at eg ville gjera det same. Eg dansar ofte på avdelinga, gjerne etter frukost eller når stemninga trengs å løftast litt.

Stor suksess

Dei tilsette med leiar Bente Nordvik i spissen, heiv seg rundt å stelte i stand fest på kort varsel.

F.v: Signy Løland, Jorunn Lindanger, Agnes Landa, Judith Egeli, Gerda Austbø og Margreta Reilstad. Foto: Oddbjørg Måland

– Du veit me trengte eit avbrekk no. Det har vore to år med pandemi og lite som har skjedd. Så blei me jo så knallheldige med vêret, tenka seg til å ha grillfest på ein slik dag, smiler Nordvik.

Det er ikkje tvil om at bebuarane sette pris på tiltaket. Lovorda sitt laust og dei rosar dei tilsette.

– Fantastisk, me er så heldige, kjekt avbrekk, gjer noko nytt og annleis, vera saman, leva lenge på denne dagen. Dette var ord og fraser som gjekk igjen heile festen.