Mykje mat for pengane på kafeen på innbyggartorget

Maten er rett og slett rimeleg, tykte flesteparten av dei spurte i ei brukarundersøking.

Bygdakokken, Joakim Moberg Wiborg, har opparbeida seg eit godt rykte på kafeen på innbyggartorget.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

FINNØY: Det var hovudresultatet av ei undersøking som innbyggartorget gjorde for kafeen i vår.

42 personar var med i undersøkinga. Dei fekk mange forskjellige spørsmål om ulike tingknyta til kafètilbodet.

Tilbod til alle

– Er resultatet av undersøkinga som venta?

– Ja, eigentleg. På bakgrunn av det som kan fram skal me forsøka å skreddarsy eit tilbod som passar «alle. »Eg er i alle fall svært glad for å sjå at folk er så godt nøgde med maten og prisane. Sjølv om råvareprisane har auka ein god del den seinare tida, skal eg strekka meg langt for å halda prisane så låge eg kan, lovar Bygdakokken.

Hittil er det få som nyttar seg av «Take away.»

Langt dei fleste av deltakarane bruker kafeen på dagtid, medan 12 av dei spurte øsnkjer å bruke kafeen på ettermiddag -og kveldstid. Dei færraste har nytta seg av «take away»-tilbodet ennå.

Når det gjeld isdisken seier flesteparten at dei ikkje veit, det kan tyda på dei ikkje har prøvd seg på isen. 17 seier seg godt nøgd.

Heldig vinnar

Har kafeen barnevenleg mat?

16 stykk svarer at det har dei. Dette svaret hadde utspørrareren eigentleg ikkje venta seg så mange svar på, då mange av dei faste gjestene ikkje har små born.

Elles er det meir å henta i sundagsopen kafe. Berre 34 prosent har nytta seg av tilbodet, 58 prosent har ikkje.

Folk finn informasjonen om kafeen på Facebook, på sidene til innbyggertorget, Bygdakokken sine sider, Øyposten og på plakatar.

I utlysinga lova Bygdakokken gratis middag for to til ein person som var med i undersøkinga. Den heldige vinnaren blei Trond Olav Birkeland.