Stilfull pasjon-forestilling i Hesby-kyrkja
Pasjon-forestillinga til 6. klassingane på Finnøy sentralskule blei ei både stilfull og stemningsfull oppleving av påskebuskapen.
Av Rune Nedrebø,
FINNØY:
Med vakker musikk, dans og framføring av påskebudskapen blei Jesu lidingshistorie formidla til elevar frå sentralskulen torsdag.,
Det er første arrangementet i kyrkja, etter at ho blei åpna etter oppussinga i vinter.
Elevane blei tekne mot med gjøgling og dans i kyrkjeporten, før sjølve forestillinga inne i kyrkja. Der blei hendingane i påskeveka framført levande og velspelt.
Øyposten snakka med 7. klassingane Linnea Magrethe Hallerud Eggebø, Oda Cecilie Kalvø Klaberge og Kaja Flatebø Rørtveit etter forestillinga.
-Det var veldig bra, er dei tre enige om.
-Flott musikk og fin framføring, meiner dei tre, som synes forestillinga formidla påskebudskapen på ein god måte.