Ulukka skuldast menneskeleg svikt

Sjøforklaringa viser at personleg svikt er årsaka til at «Ombo» knuste eit naust på Fogn sist torsdag.

Det var personlege feil som gjorde at "Ombo" raste inn i eit naust på Fogn sist veke.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FOGN:

Den splitter nye ferje fekk ein særdeles uheldig start. På sjølve jomfruturen raste «Ombo» inn i eit naust på Holmastø, som mest sannsynleg må byggast opp på nytt.,

Heldigvis blei det ingen personar skada i samanstøytet med naustet.

- Sjøfartsdirektoratet har vore om bord, og det er konkludert med at det ikkje er grunnlag for gransking i dette tilfellet. Hendinga skuldast menneskeleg svikt i sambandmed innkøyring og opplæring før ferja skulle settast inn i ruteproduksjon i dag, måndag, skriv kommunikasjonssjef Cathrine Gjertsen i Norled i ein mail til Øyposten.

- Blei det skadar på ferja?

- Nei, det gjorde det ikkje, i alle fall ingenting det er verd å snakka om. Ferja går som oppsett i dag, seier Gjertsen.

Ombo" kom frå verftet i Ølen dagen, og var på testtur i Finnøysambandet då uhellet skjedde. Planen var at ferja skulle prøva ut anløp av kaiane før ho skulle inn i ordinær trafikk i dag. Det var dermed ikkje passasjerar om bord ferja.

Publisert: