Biogass Finnøy fekk avslag i første omgang

Enova avslo søknaden frå det planlagde biogassanlegget på Finnøy. Svaret kom rett før ferien, men døra blir halden på gløtt for ein ny mulighet i oktober.

  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:

FINNØY: Søknaden om vel 25 millionar i støtte til biogassanlegget på Finnøy gjekk ikkje gjennom i første omgang.

Ifølge seniorrådgjevar Trond Bratsberg i Enova var det fleire søknader som blei avvist på grunn av utilstrekkelege opplysningar om prosjekta. Det gjeld også biogassanlegget på Finnøy.

-Men det blir ein ny mulighet i oktober. Viss dei manglane som er påpeikt blir retta opp er det fortsatt mulighet for støtte, opplyser Bratsberg til Øyposten.

Kristian Spanne i styret for biogassanlegget på Finnøy seier at dei nå vil jobba vidare med søknaden.

-Det var sjølvsagt skuffande at me ikkje fekk innvilga søknaden i første omgang, men likevel svært positivt at me får ein ny mulighet. Det har nemleg vore slik at vedtak i Enova ikkje kunne påklagast. At me nå får mulighet til å bearbeida søknaden vil me utnytta etter beste evne, seier Spanne.

Kristian Spanne i Finnøy Biogass.
  1. Finnøy