Finnøy-jordbær snart klar for Stokka-ganer

Kåre Nordbø er klar med årets første jordbær. Dei går til Helgø Meny-butikken i Stavangers betre nabolag, på Stokka.

  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:
Jordbæra modnast fort nå¨på Finnøy, konstaterer jordbærgartnar Kåre Nordbø.|Raude smaksbomber frå Finnøy.||Humler er dei gode hjelparane til Nordbø, som sørger for at det blir bær på plantene.

FINNØY:

Årets første jordbær frå Finnøy er blitt gjenstand for oppmerksomhet både i avisa VG og i NRK.,

Det er Kåre Nordbø som har begynt å finna dei første rauda bæra av sorten Sonata.

Raude smaksbomber frå Finnøy.

Søndag reknar han med å levera den første sendinga til Helgø Meny-butikken på Stokka.

- Det er cirka ei veke seinare enn i fjor, seier Nordbø til Øyposten.

På grunn av høge gassprisar utsette han innplantinga av jordbærplanter i drivhuset med tre veker. Men mykje fint vêr gjer at han har tatt inn to veker. Nordbø reknar med å hausta jordbær ut juni.

Humler er dei gode hjelparane til Nordbø, som sørger for at det blir bær på plantene.

Sjølv om dei norske jordbæra ligg over dei utanlandske i pris, har dei selt godt, opplyser han.

Storparten av bæra blir omsett i Rogaland.

-Viss eg skal senda bær austover må det vera viss det kjem ei bestilling frå Slottet, smiler Nordbø.