FINNØY:

Etter alt som har skjedd den siste tida med krig, pandemi og skyhøge prisar på straum, gjødsel og fôr, stillast det ekstra store forventningar til årets jordbruksoppgjer.,

- Eg er svært spent på kva som skjer, og til ei viss grad optimistisk. Viss det ikkje endar med eit resultat som gjer at bøndene får inntekt som kan samanliknast med andre yrkesgrupper, er det byrjinga på slutten for mange. Kvar dag ser me døme på kor viktig landbruket er. Dei ansvarlege må forstå at skal me klara produsera mat i Norge, må dei legga forholda til retta og tilby oppgjer som gjer det mogleg. Ingen kan produsera mat med tap, seier bonde Magne Landa Eggebø på Hauskje.

To magre år

I fjor var bøndene så misnøgde med staten sitt tilbod at dei ikkje ville setta seg ned ved forhandlingsbordet. Dermed gjekk oppgjeret til Stortinget som sette ein inntektsvekst på 18.700 kroner for 2022.

- Året før det igjen var det korona, og me godtok forslaget frå staten. Difor er det på sin plass med eit skikkeleg oppgjer i år. Krigen i Ukraina har med all tydelegheit vist at me ikkje kan stola på kornimport frå Aust- Europa som er store produsentar av korn. I tillegg har krigen ført til skyhøge prisar på naturgass som vert brukt i produksjon av kunstgjødsel. Russland har også vore ein av verdas største gjødseleksportørar. Desse tinga tilseier at me må auka produksjonen av norsk mat, og vera mest mogleg sjølvforsynte. Han held fram: Få stader i verda er matproduksjonen tryggare enn i Norge. Matsikkerheita er strengt regulert i alle ledd. At me produserer mest mogleg av maten vår sjølv, er både rett og berekraftig. Dessutan generer landbruket mange arbeidsplassar.

Alvorleg for næringa

-Kva skjer om ikkje oppgjeret blir som forventa?

- Det kan bli alvorleg. Allereie har fleire bønder meldt inn heile besetningar til slakt, og truer med å legga ned gardsdrifta. For eigen del, vil eg prøva å halda ut. Det er ikkje lenge sidan eg overtok garden, og ønskjer å fortsetta med sau og mjølk så lenge det går. For næringa sin del betyr det at «ingen» ønskjer å satsa på bondeyrket. Altså rekrutteringa til yrket går ned, og det er synd. Snittalderen på bøndene er ganske høg, så det er på tide med eit generasjonsskifte. Men det skal bli vanskeleg å få unge til å velja eit yrke som ikkje er lønsamt. Ingen vil det, sjølvsagt, avsluttar Magnar Landa Eggebø.

Forhandlingsutvalet legg fram kravet for regjeringa 27. april. Staten kjem med sitt tilbod 4. mai og forhandlingane skal etter planen vera ferdige før 15. mai.