Svært få ungdommar i Finnøy har nytta seg av Hjem for en 50-lapp etter at ordninga blei gjeninnført for to veker sidan. Leif Kåre Larsen køyrer maxitaxien frå sentrum til Finnøy.

STAVANGER:

Nytt av året er at det går berre ein maxitaxi per helg. Difor er det spesielt viktig at du hugsar å avbestilla om du ikkje skal bruka plassen din.,

Elles vert prosjektet gjennomført på same måte som i fjor.

- Me har ikkje utvikla eigen bestillingsløysing, det blei for kostbart og for usikkert med tanke på personvern. Men det veldig viktig at turar som ikkje skal brukast blir avbestilte. Ring taxiselskapet så fort du veit at du ikkje skal bruka den bestilte plassen, slik at andre kan nyta den, seier Imme Dirks Eskeland i kommunen.

Bussen køyrer frå Domkirkeplassen klokka 02:00 natt til sundag.

Ordninga varer til september/oktober 2022, avhengig av når prosjektmidla er brukt opp.

Du kan bestilla plass i taxien frå måndag kvar veke. Du må bestille tur innan klokken 22 den dagen du vil reisa.

Slik gjer du det:

Ring taxiselskapet på telefon 957 77 666.

Eller du kan bruka kontaktskjemaet til taxiselskapet.

Fyll inn namn, telefonnummer, adresse og alder, og kommenter at det gjeld Hjem for en 50-lapp i bestillingen.

Du vil få ein epost og sms med informasjon om du har fått plass eller ikkje.

Skal du avbestilla, ring taxiselskapet på telefon