Skal jobba for å justera hurtigbåtrutene

Grendalag og pendlarforening kjem til å jobba for justering av ruteforslaget for hurtigbåtane, slik at det fortsatt skal bli mulig å koma på jobb og skule i tide.

Engasjerte deltakarar på møtet om hurtigbåtrutene. Frå venstre Arnt Ove Rødne frå Sjernarøy Vekst, Tomas Nesheim frå Ryfylkeaksjonen, Jan Sigve Eike frå grendalaget på Halsnøy og Randi Westersjø-Rørheim og Håkon Eide frå pendlarforeningen på Ombo.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY: Onsdag var representantar frå grendalaget på Halsnøy, den nystarta pendlarforeninga på Ombo og Sjernarøy Vekst samla for å diskutera strategien vidare når dei gjeld dei nye hurtigbåtrutene.,

Konklusjonen er at rutene som er blitt lagt fram blir tatt som eit forslag, som det må vera muligf å justera.

Mellom dei som var med på møtet var Randi Westersjø-Rørheim frå Ombo, som i fjor haust begynte som barne- og ungdomsarbeidar på Vikevåg skule.

Etter det nye ruteopplegget får ho bare fem minutt på seg frå båten er på Judaberg til arbeidsdagen i Vikevåg begynner kvart over åtte.

-Då må eg forsyva arbeidsdagen min og bli lenger på jobb. Men dermed rekk eg ikkje ti over fire-båten heim, og må ta ein båt som går om Hjelmeland før eg kjem til Ombo halv sju. Det går ikkje opp med familiesituasjonen, seier Westersjø-Rørheim til Øyposten.

Håkon Eide, som i likhet med Westersjø-Rørheim, representerer pendlarforeningen på Ombo, må øyane få eit opplegg kor det er mulig å vera på Judaberg litt før åtte om morgonen, med retur i fire-tida om ettermiddagen.

-Dette var eit opplegg som Kåre Husebø og Per Gunnar Lindanger fekk kjempa fram på midten av 80-talet, og som har fungert godt etter det, seier Eide.

Også Tomas Nesheim blir med i arbeidet med å leggja fram eit nytt ruteforslag.

-Noko av grunnen til at utdanninga på Rygjabø på Finnøy blei flytta til Strand, var nettopp den gode forbindelsen dit. Nå blir dette opplegget langt på veg øydelagt av at elevane ikkje rekk skulestart til "nærskulen" i Ryfylke om morgonen, påpeikar Nesheim.

At skuleelvane frå Halsnøy, kor det ikkje er skule på øya, og difor må senda barna til Finnøy frå første klasse av, får lengst reisetid av alle nord for Finnøy, er blant endringane som det blir reagert på.

Nå skal det jobbast vidare med rutene, og Tomas Nesheim frå Ryfylkeaksjonen blir med på arbeidet.

-Me skal klara å laga eit opplegg som er tilnerma likt det me har i dag, innanfor dei økonomiske rammene som er, meiner han.

Publisert: