60 000 kroner til fasteaksjonen

Konfirmantane i Finnøy samla inn meir enn 60 284 kroner til årets fasteaksjon.

Konfirmantane blei godt tekne imot då dei var rundt på dørene med bøssene på tysdag. Illustrasjonsfoto
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY:

Pengane går reint vatn, mat, tepper og hygieneartiklar til Ukrainske flyktningar, og til reint vatn i Malawi. Mottoet for årets aksjon er Håp i en dråpe vann.,

På grunn av pandemien var det tre år sidan sist gong konfirmantane gjekk frå dør til dør med bøssene. I Sjernarøy hadde dei laga til stand på butikkane.

Fasteaksjonen har lange tradisjonar og er den nest største innsamlingsaksjonen i Norge, etter TV-aksjonen. For over 50 år sidan bestemte menigheitene i Norge seg for å ha ein åreleg  innsamlingsaksjon til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. Aksjonen er lagt i ei tid av kyrkjeåret som heiter fastetida. Fasten varer i 40 dagar heilt frå askeonsdag, men sjølve fasteaksjonen vert arrangert over heile landet tysdag før palmesundag.

Publisert: