Tor Eike gir seg etter å ha køyrt godsrute i øyane i 45 år. -Eg kjem til å sakna alle dei kjekke folka eg har fått møta, seier han.

HALSNØY:

Tor Eike kjørte om bord i ferja på Judaberg med godsruta nok ein gong sist veke. Eigentleg var det slutt litla nyttårsaftan, men Rennesøy Trafikk, som nå overtek, bad han om å køyra litt ekstra.,

Men nå gir han seg, etter 45 år. I 1976 blei «gamle dampen» avløyst av ferje på Halsnøy, og då investerte Tor Eike 300.000-400.000 kroner i ny godsrute. Det var eit heilt løft den gang, men banken var velvillig, for også den såg at ei ny tid banka på døra i øyane.

Ein liten revolusjon

Nå skulle ikkje varene vinsjast på land frå fjordabåten lenger, men leverast på døra med bil. Det me i dag tek som sjølsagt, var den gong ein heil liten revolusjon. På kvar øy kom det godsrute. Eike kjørte på Halsnøy, Rørheim på Ombo, Rødne på Sjernarøy, Bøe på Fogn og Sundt på Talgje.

Men med tida forsvann dei, ein etter ein, fusjonerte og slo seg saman, og til sist var Tor Eike åleine igjen på skansen. Då hadde han både Halsnøy, Ombo og Sjernarøyane på ruta si.

Tor Eike har eit ord på seg for å vera eit arbeidsjern, som står på for å få varene levert. Formuande er han ikkje blitt av virksomheten, men han har klart seg godt.

-Ein gong var det ein kar som bestilte ein sekk med poteter. Frakta kom på 18 kroner, og då han kikka inn i bilen og såg alt som var der, slo han fast at eg nok kom til å bli millionær, humrar Eike.

20 gardsbruk

Både Halsnøy og jobben som godsrutesjåfør var ganske forskjellig frå i dag då han begynte som 23-åring. På Halsnøy var det eit 20-tals gardsbruk i full drift.  Leveransar til bøndene tok opp storparten av plassen i godsruta. 50 kilos sekker med gjødsel og kraftfor som måtte berast av godsruta, og helst heilt inn i løa.

-Gud bevars, for eit slit det var, minnes Eike.

Det var heller ikkje uvanleg at til dømes levande kyllingar, mjølk og brød blei frakta i same godsruta, for dette var lenge før Mattilsynet kom på banen. Om hausten var det frukt og bær til Gartnerhallen i Hillevåg, og inn imellom var det regnbogeaure i store kar med isvatn, frå oppdrettet på øya til Neptun i Stavanger.

Vanvittig auke

Alt dette er er endra nå. I dag er det seks-sju gardsbruk igjen på Halsnøy, kraftfor kjem med tankbil og gjødsel i storsekk. Laksen blir henta med brønnbåt, og varer til butikkane i øyane opptek nå mesteparten av plassen i godsruta

-Spesielt om sommaren har det vore ein heilt vanvittig auke i varemengda til butikkane, seier Tor Eike.

80 prosent av omsetninga til godsruta skjer i løpet av eit par hektiske månadar om sommaren. Då hender det ikkje sjeldan det at det står 50 pallar hos grossisten Asko på Skurve i Gjesdal og ventar på han.

Etter at det blei fleire øyar å betjena, måtte han også tilsetja ein ekstra sjåfør; Odd Arild Talgø frå Sjernarøy.

Veit om dei gode fiskeplassane

Sjølv om det har vore strevsomt og lange arbeidsdagar, synes Tor Eike det har vore ein kjekk jobb. Han er blitt lommekjent på øyane, og har fått treffa mange hyggelege folk i jobben. Det kjem  han til å sakna. Dessutan berømmer han mannskapet på ferjene for å skjøna kor viktig godsruta er, og alltid prøva å rydda plass til henne om bord, sjølv i tider med stor trafikk.

Nå har han hatt sin siste tur, og skal begynna på eit nytt kapittel som pensjonist. I tillegg skal han vera med barnebarnet på 14 som har fått ungdomskvote til å fiska leppefisk.

-Han har investert i båt og er ivrig etter å koma i gang. Og eg veit om mange gode stinteplasser rundt Halsnøy, seier Tor Eike.