Magne Landa Eggebø var blant dei første som møtte fram då Lnett hadde open dag om dei nye kraftlinjene i går. Her saman med prosjektleiar Torbjørn Grødem (t.v.)  i Lnett.

FINNØY: Planen var først å ha ein åpen dag frå klokka 12 til 18 i går, onsdag. Men det blei snart klart at dette blei for lite. Dermed måtte dei halda på heilt fram til i ni-tida i går, bare avbrotne av korte pausar for å trekkja litt luft og ein matbit.,

Neste veke blir det også åpen dag, truleg på torsdag.

16 hadde bestilt tid for møte med Lnett på Innbyggartorget på Judaberg i går. Neste veke er det foreløpig seks-sju.

-Det er betydeleg meir interesse her enn i Strand, men så er det også snakk om eit lenger strekk her, seier prosjektleiar i Lnett, Torbjørn Grødem til Øyposten.

-Korleis tolkar du den store interessa?

-Det er bra, det er det me ynskjer. Me vil ha signal og innspel slik at me kan koma fram til den beste løysiunga i lag,  svarar Grødem.

Bilettekst:

Magne Landa Eggebø var blant dei første som møtte fram då Lnett hadde open dag om dei nye kraftlinjene i går. Her saman med prosjektleiar Torbjørn Grødem (t.v.)  i Lnett. (Foto: Rune Nedrebø)