På ein solid 2.plass finn me Bjørn Andreas Norheim frå Sjernarøy. Dei 23,9 årskyrne hans produserte 13350,5 kilo energikorrigert mjølk i 2019-sesongen. Han tok over drifta etter foreldra i 2018, Konrad og Ann Norheim.,

Kirsten Marie Lynum frå Skogn gjekk heilt til topp på lista over besetningar med høgast yting i 2019. Med sine 83,5 årskyr og ei yting på  13410,5 kilo i snitt energikorrigert mjølk fylgjer ho opp dei gode mjølkeresultata etter faren.

Tredje plass på avdråttstoppen gjekk til Helge Kristian Dahl frå Degernes i Rakkestad. Med 35,9 årskyr produserte han i fjor, 13238 kilo energikorrigert mjølk, og fylgjer i fotspora til onkelen.

Det er Norsk Landbruk som skriv dette i ein fersk rapport på nettet.