Den opprinnelege gardsjenta frå Skjold i Tysvær, og tidlegare rennesøybu, som no har busett seg i Faahagen på Judaberg,har nemleg sitt daglege virke som spesialrådgjevar i næringsavdelingen i Rogaland Fylkeskommune.-Gjennom det såkalla landbruksparnarskapet og trekantsamarbeidet mellom Fylkeskommunen, Fylkesmannen i Rogaland og Innovasjon Norge, er nettopp dette med tilrettelegging for gardsutsalg og lokalprodusert mat eit sentralt satsingsområde, seier Bakke,som også har ei fortid på det tidlegare landbrukskontoret på Judaberg.Då i ei stilling som bygdeutviklar på byrjinga av 1990-talet.-Difor er det ekstra kjekt at Tor Bjarne Flesjå og Kirsten (Løland Flesjå) har fått på plass dette nye flotte gardsutsalg her på Nærland, skryt Sissel i det ho slår av ein liten prat med ekteparet, i den splitter nye gardsbutikken like ved riksveg 519  på Reilstad.,

I fylgje ferske undersøkingar når det gjeld  matvarehandel i Norge, eg det konseptet med gardsbutikkar og gardsutsal som har hatt den største veksten innan matvaresektoren dei seinaste åra.