Restane av butikken og boligen på Eriksholmen i Sjernarøyane etter brannen.

SJERNARØY:

Brannen førte til totalskade på både butikken og boligen over. Politiet er nå i gang med å finna ut meir om årsaka til den eksplosive brannen.,

-Me vil foreta vitneavhøyr av ei av dei tilsette i butikken og eit augnevitne. Dessutan vil me gjera undersøkelsar på staden og ta ein runde med Lyse når det gjeld lynnedslag og overspenningsvern, seier Trond Atle Bjelland, seksjonsleiar for etterretning og etterforsning i Stavanger og Ryfylke i Politiet Sør-Vest til Øyposten.

-Den foreløpige teorien er at dette skuldast lynnedslag, opplyser Bjelland.

-Vil det ta mange dagar før åstaden blir frigitt?

-Me vil gjerne bli ferdig så raskt som mulig, så det bør ikkje ta mange dagane, seier Trond Atle Bjelland.

Brannen skal ha starta i ein frysar i butikklokalet, og bygningen blei raskt overtent.