Denne benken blir ikkje å sjå i Rennesøy, i allefall ikkje med det fysrte.. Foto: Stavanger kommune.

STAVANGER:

På innbyggartorget er dei opptekne av å skapa gode møteplassar - benken er eit symbol på dette.,

I samband med den årlege Mobilitetsveka 16. - 22. september inviterer kommunen alle innbyggarane til å komma med forslag kor det bør settast ut tre nye benker. Mobilitetsveka sett fokus på berekraftig alternativ transport.

Planen er éin benk i Finnøy kommunedel, éin i Rennesøy og éin i Stavanger.

Du kan skriva i kommentarfeltet under innlegget kor du ynskjer at benkene i Finnøy og Rennesøy skal plasserast.

- Stader for plassering av dei tre benkene skal offentleggjerast under Moblitetsveka. Alle forslaga som kjem inn blir vurdert og tatt med når neste utplassering av benker skal avgjerast, seier Imme Dirk Eskeland i Stavanger kommune.