Både Christoffer Østebø på Talgje og kollega Terje Øvrebø som driv med tomatproduksjon like sørvest av Nordbøkrysset på Vikevåg, deler denne oppfatninga. Dei har begge to levert tomatar til den norske marknaden i vel ein månad, og ser alt no konjukturane av det som kan bli ein bra sesong også for dei såkalla vanlege runde store norske tomatane. Ein produskjon som utgjer omlag halvparten av den norske tomatproduksjonen totalt.,Hjå Christoffer blir rett nok desse tomatane hausta som såkalla klasetomat, der heile klasen med raude tomatar blir klippt av og pakka i 5 kilo esker. I tillegg driv han med produksjon av perletomatar på eitt dekar veksthusareal,av det tre dekar store tomatgartneriet. Eit gartneri som han tok over etter faren Oddvar, som saman med broren sett opp eitt av dei største veksthusa i kommunen i 1977 på heile 20x100 meter.,-Etter ei viss oppgradering av både automatikk og utstyr, i tillegg til utgraving av grunn for å få betre sidehøgde i det no 43 år gamle veksthuset, har det blitt eitt bra og relativt rimeleg anlegg å drifta, fortel Christoffer. Den nøkterne unge gartnaren har også investert i eit avfuktingsanlegg som trekkjer ut heile 40 liter vatn i timen, og på den måten er med å bidreg til at vilkåra for å ta ut ein god avling så absolutt er til stades.,Og tek du ein tur inn mellom planteradene heng det hundrevis, ja kankje fleire tonn, irraude tomatar klar for hausting. Til det får han enno god hjelp av far Oddvar, som i ein alder av 83 år så absolutt bidreg og hjelper til med haustinga.,-Eg synest dette er både meiningsfullt og triveleg, smiler 83-åringen i det han forsiktig legg nye klasar leveringsklare tomatar opp i esker som er dekorert i raudt, kvitt og blått.,-Det er bra at Rema 1000, som kjøper desse tomatane gjennom min grossist Garnerhallen/Bama profilerer norske tomatar på denne måten, legg Christoffer til.,

-Mitt håp er at akkurat denne spesielle tomatsesongen skal setja fokus på verdien av norskproduserte tomatar og norske matvarer. Og i tilleg håpar me også å få drahjelp av dei nye mattrendane og styresmaktene sin oppfordring om å spisa meir frukt og grønnsaker.

Betydeleg lågare energikostnader-enn så lenge

Like sørvest for Nordbøkrysset på Rennesøy, har også kollega Terje Øverbø travle dagar både i tomatveksthuset sitt og med å drifta garden elles. Og no står også siloslåtten for døra for den aktive mjølkebonden  og slaktegrisprodusenten..

-Like over påske blei dei første tomatane hausta , og leveringa til COOP-butikkane har gått greitt unna så langt, seier Øvrebø . No ventar han at det også skal bli ein skikkeleg trøkk både i leveringa og etterspurnaden av tomater og svinekotelettar i pinesehelga og utover i juni når grillsesongen startar opp for fullt og produskjonen er høg.Han håpar også at både restaurantbransjen, og ikkje minst storkjøkkena som er en betydeleg mottakar, etter kvart opnar opp.-Dette saman med at folk også i langt større grad skal feriera innanlands, trur eg også vil bidra positivt, meiner han.

-Ein gjennomgang av rekneskapen for dei fire første månadene viste også at me har hatt betydeleg lågare energikostander enn i fjor, ja opp mot heile 15-20%. Så er det å håpa at det kan halda fram, elelr om det berre er forbigåande.Men med låg kronekurs og betydelege høgare prisar på importtomatar, har eg tru på at me skal oppnå målprisane som er sett også dette året, legg Øvrebø til.

For etter fleire utfordrande år, kunne tomatgartnarane som leverer dei tradisjonelle vanlege runde tomatane, og som  ikkje har leveringsavtale på spesialtomatar, endeleg sjå at det ga eit akseptabelt pluss på botnlinja i rekneskapen.- Men det er ikkje meir enn slik det skal og bør vera for at me skal ha eit greit vederlag for arbeidet, er Terje rask med å leggja til.

Og det er travle dagar og tider dei to tomatagartnarane, som også driv med tradisjonell gardsdrift, går i møte. -Me er gjerne kjent for å vera negative og å klaga litt for ofte.Men både marknadsutsiktene og den fine og lyse årstida me no går i møte, bidreg begge delar til at me ser lysare på situasjonen, avsluttar Øvrebø. Han innrømmer likevel at han og familien har vore gjennom ein svært tøff periode i vinter ,etter at både han og ei heil næring fekk statleg pålegg om å avvikla produksjonen av pelsdyr. Ein produskjon som han hadde satsa stort på.