-Ja, her er det ingen som skal koma å sei at me ikkje fylgjer dei strenge retningslinjer som både Helsedirektoratet og Norges Fotballforbund har trekt opp, seier hovudtrenar for Gutar 15, Tor Øyvind Skeiseid. For når maksimum fem spelarar som kan være saman, og når minimum avstand skal vera 1 meter mellom spelarane og fysisk kontakt er strengt forbode, krev det mykje planlegging i forkant. Men også nøye tilsyn og oppfølging under sjølve treningssekvensen.,-Men alle dei som kjenner Tor Øyvind godt, veit at er det noko han kan så er det å planleggja, og det å vera strukturert og nøye . Akkurat dei eigenskapene får han svært god bruk for når  ivrige tenåringsgutar skal haldast i aktivitet og bli motivert til ei 100 minuttar lang treninsøkt, to gomger i veka, og det utan både ordinær five à side og internkampar som alltid høyrer med i ei vanleg treningsøkt.,

-Eg er mektig imponert over gjengen, der oppmøte har vore nær 100 % kvar gong. Akkurat i kveld har dei fire spelarane frå Fogn trening på heimebane, medan dei resterande 11 er her, skryt Tor Øyvind. -Det viser vel i klartekst kva fotballen betyr for denne gjengen, som både har fått utsett konfirmasjonsfeiringa og avlyst det som skulle vera årets høgdepunkt, nemleg Dana Cup i Danmark.

Men også for meg personleg betyr desse treningane svært mykje akkurat no. For det å vera fotballtrenar er det kjekkaste eg veit, og i tider som dette,der eg sjølv også er permittert frå den daglege jobben, betyr det å få koma saman på denne måten enormt mykje, ja meir enn nokon gong, avsluttar Tor Øyvind og sender guttegjengen sin på utvask før dei får dei igjen får lov til å forlate Leikvoll i desse heilt spesielle unntakstider for alle av oss.

-Kjekt, men saknar å spela skikkeleg fotball.

Både Vebjørn Ledaal og Åsmund Halleland Mikalesen synest begge det likevel er vekas høgdepunkt å få koma ut å spela fotball, og ikkje minst igjen å få møta kompisane sine på denne måten.

-Men eg må jo innrømma at eg saknar å spela skikkeleg fotball, seier Åsmund medan han igjen gir ballen eit ekstra touch med skuldra for å halde den i lufta under sekvensen med fotballtennis. For det har blitt mykje fotballtennis og spesifikk teknikktrening i mindre grupper for å unngå fysisk kontakt.

-Når det jobbar så intens med ulike basisferdigheter på kvar einaste trening, må det jo få framgang og utvikla god ballkontroll og fotballteknikk?

-

Ja, det er jo det som er oppsida av dette, seier Vebjørn og gir oss eit bevis for at akkurat den delen av fotballen beherskar 14-åringen ekstra godt.,-Det er viktig å ha god teknikk om du skal bli ein god spelar, understrekar Åsmund .Han fortel at han også har brukt dagane til å trena saman med fetter Tomas og storbror Hans.,-Og så er jo det å gå på trening ti gonger betre enn å berre bruka dagane på heimeskule og det å vera heime, understrekar Vebjørn.,

-Fryktar fråfall frå idretten.

På den andre banehalvdelen på Leikvoll,har trenarduoen og dei to lærarkollegane ved Finnøy sentralskule, Lars Rørtveit og Øyvind Bondevik Haga, samla nokre færre jenter til trening.Likevel er dei begge imponert over at storparten av jentene har møtt regelmessig opp på treningane i desse koronatidene.

,-Eg er likevel bekymra for at denne lange fotballpausen, og det at nærmast heile idretts-Norge er stengt ned, skal føra til at mange sluttar med idrett. Det er dei samfunnmessige konsekvensane av dette som er mi største bekymring akkurat no, poengterer Bondevik Haga.,Likevel synest det som om både Øyvind og Lars har klart å halda motivasjonen oppe både hjå sine eigne to fotballjenter og elles i venninnegjengen på Finnøy sitt Jenter 15 lag.,-Eg synest det er like kjekt å gå på trening nå som tidlegare under meir normale forhold, seier Maria Rørtveit og gir oss nokre bevis  på sin gode fotballteknikk. Den avslører tydeleg at ho også

må ha

drive ein god del eigentrening og teknikktrening elles. Til det har ho blitt inspirert og fått god støtet frå bestevenninna i nabolaget på Reilstad, Helene Hebnes, som også viser at ho har toucha ein fotball mange gonger før.,-Eg synest det er artig å halda på på denne måten også eg, legg Helen til og sender ein presis og høg poleball over på den andre sida av sperrelina, der Maria legg den ned med stor presisjon.,- Og så er det jo kjempekjekt å kunne treffa klasse- og lagvenninnene mine igjen her på fotballbanen når skulen er stengt ned, understrekar Maria.,

-Eg trur det er viktig at dei som er interessert i fotball får ein mulegheit til å treffast på fritida på denne måten, sjølv om kanskje nokon synest treningane blir litt amputert , seier Lars.

-Han fortel at også dei er 15 jenter til vanleg på laget som møter på treningane. Men som hjå kollega Tor Øyvind på den andre banehalvdelen, har også Lars og Øyvind med seg ein ivrig og flott gjeng fotballjenter frå Fogn.

-Me har ikkje fått signal om at nokon vil slutta, sjølv om årets høgdepunkt også for oss, Dana Cup i Danmark er avlyst, fortel Lars, og legg til at den treningsmalen som Tor Øyvind har lagt opp også har vore til veldig stor nytte for hans lag.-Men me saknar både det å kunne møta elevane i igjen i klasserommet og på fotballbanen, avsluttar dei to trenar- og lærarkollegane.