Bondelaget tek dette opp i eit brev til Finnøy kommune etter å ha fått ein del tilbakemeldingar angåande geografisk plassering av brannvogn. «Me har vert i kontakt med brannsjef i Rogaland brann og redning, som også var på Ombo då det brann. Han meiner og at vogna må opp i høyden.» Dette skal lette arbeidet med å transportere vogna når det brenn. Bondelaget meiner og at reaksjonstida vil vera kortare ved at vogna står stasjonert nært tilgjengelege traktorar og mannskap i det frivillige brannvesenet. Ombo bondelag kan også være behjelpelig med å greie ut moglegheiter for alternative tomter.