Folk i Finnøy er optimistiske i forhold til den nye kommunen

Det sa Stavanger sin nye ordførar Kari Nessa Nordtuns under nyttårsmottakinga på Ledaal i går.,

Det faktum at me no har blitt Stavanger kommune, ser ikkje ut til å oppta folk i Finnøy i særleg stor grad.

Øyposten hadde i føremiddag ein kjapp tur på Judaberg og snakka med folk blant anna på rådhuset. Sjølv om bygninga, i alle fall frå utsida, ser mest utdøydd ut, verkar det som dei få som er igjen, har eit avslappa forhold til det som har skjedd.

- At Finnøy kommune ikkje lenger finns, er det litt trist eller?

- Neei, det tenker eg vel skal gå greitt. Dette er demokrati, fleirtalet i Finnøy ville til Stavanger, og då må me andre gjera det beste ut av det, seier Tone Rørheim på Servicetorget.

- Klart eg kjenner på at dagen i dag er litt vemodig, litt trist eigentleg. Eg stemte imot kommunesamanslåing, men me kan jo ikkje gjera noko med det no. Sjølv om det aldri har vore så lite folk på huset som i dag, har jo dette vore ei gradvis avvikling som me har vent oss til. På sikt blir nok dette bra, seier Linda Skartveit.

Akkurat nå er det berre landbruk- og havbrukskontoret og Innbyggerservice som er igjen på rådhuset.

På rådhuset for å være med på overgangen til ny kommune.

Akkurat no er det berre landbruk -og havbrukskontoret, samt innbyggarservice som er igjen. For tida er seksjonssjef for innbyggarservice, Unn Helgesen Linde frå Stavanger, på rådhuset for å vera på oppstarten av avdelinga i Finnøy. Innbyggarservice er kommunen si førstelinje og ivaretek publikumsdelen av Servicetorget sine gamle oppgåver.

Silke Ullrich er ein av fire tilsette frå den gamle kommunen som held fram her på huset. Ho har fått ny sjef, Geir Helge Rygg, som er tilsett som leiar for det nye landbruks – og havbrukskontoret. Rygg kom frå stillinga som landbrukssjef i Rennesøy, og skal no ha arbeidsplassen sin i Finnøy.

- Eg ser fram til å ta fatt på jobben, det skal bli spennande . Det grøne skiftet som me er vitne til no, har gjort at folk og politikarar har større fokus på det som skjer i vår næring. Det er generelt større alemenn interesse og næringa har blitt lyfta opp og fått ny status. I tillegg blir me ein del av eit stort og solid fagmiljø, fortel Rygg.

Silke Ullrich er einig med sjefen, og ser lyst på framtida-

-Eg trur me har mange nye og spennande ting i vente. Når det er sagt er det sjølvsagt trist å ta farvel med gode kollegar, men til gjengjeld får me mange nye. Jobbmessig er det positivt dette som no skjer, men om store Stavanger kommune har tilstrekkeleg med innsikt til å forvalta distrikta på ein god og effektiv måte, er eg ikkje like sikker på, seier Silke Ullrich.

På Kaihuset er Tove Rosland i ferd med å rydda i garnhyllene etter julerushet.

- Vemodig?

- Nei, eg har ikkje kjent på vemod, eller andre triste ting. Dette kan fort gå godt. Me bur framleis på Finnøy, og vil fortsetta å gjera det. I tilfellet kommunesamanslåinga verkar inn på nokon som helst måte, trur eg det må vera positivt.

- For businessen din?

- Ja, det trur eg. Det kan godt henda eg får fleire kundar, at folk i byen er flinke til å ta i bruk heile kommunen, smiler Tove Rossland.

Heller ikkje Reidar Nåden kjenner på tungsinn i dag.

- Det er jo litt merkeleg å tenka på at Finnøy som kommune ikkje lenger eksisterer, men  at eg blir trist av å tenka på det, nei, det gjer ikkje.

- Ser du nokre utfordringar der framme?

- Det må vera at me kan bli akterutseglde. På andre sida får me større fagmiljø på mange felt, og det er jo bra. Viss samanslåinga fungerer etter hensikta, trur eg dette kan opplevast positivt for folk i Finnøy, seier Nåden.