Her er grunnen til at diskusjonen om bompengeinnkreving i Finnfast til finansiering av Øyfast, etter mi meining og vurderingar, er så meiningslaus. Det ville kreve endringer av lov og forskrifter, som det svært truleg aldri vil være fleirtal for på Stortinget. Særleg etter dei diskusjonane ein ser om bompenger no for tida.,

Sitat fra  stortingsproposisjon om endringar i veglova om bruk av bompenger

:,

«Det er langvarig praksis for at bompengefinansiering utanfor byområda blir brukt til å finansiere utbygging av enkeltprosjekt. Bompengeinnkrevjinga tek slutt når lånet som har gått til å dekkje den delen av kostnaden som skal finansierast av bompengar er nedbetalt og prosjektet er ferdig finansiert. Praksisen for bruk av bompengar utanfor byområda har bred oppslutning frå partia på Stortinget gjennom handsaminga av bompengesakene, og det har gjennom åra med bompengepraksis ikkje vore eit tema å gå bort frå dette systemet og over til vegprising på vegane utanfor byområda. Med dei utvida moglegheitene til å ta i bruk fleksible bompengetakstar i byområda som forslaget til endringar i veglova § 27 andre ledd inneber, ser departementet det ikkje som formålstenleg å behalde heimelen for vegprising etter vegtrafikkloven § 7a. Forslaget til ny føresegn i veglova § 27 andre ledd skil seg elles frå reguleringa i forskrifta om køprising ved at det ikkje er gitt eigne føresegner 2016–2017 Prop. 82 L 41 Endringar i veglova og vegtrafikkloven (bompengar i byane) om lokal handsaming, administrering og drift, styring og rapportering, og kor lenge bompengeinnkrevjing i eit byområde kan halde fram. Som nærare beskrive i kapittel 7.1.1 er dette spørsmål som blir handsama i den einskilde bompengeproposisjon, på bakgrunn av langvarig praksis. Desse tema vil òg bli teken i vare gjennom arbeidet med byvekstavtalene/bymiljøavtalene. Departementet har derfor ikkje sett det som formålstenleg å foreslå slike generelle føresegner i veglova eller forskrift til veglova på det noverande tidspunktet.»

Etter mi vurdering må det arbeidast for eit Øyfast. Då med vanleg bompengefinansiering og offentleg tilskot. Lang tilbakebetalingstid og låg rente. Det kan gi oss  eit Øyfast ein gong i framtida.

Johan Vastveit