Fylkesmannen seier tvert nei til to naust

Dispensasjonssak på Finnøy sendt til settefylkesmannen.

  • Edd Meby
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Bakgrunnen for klagen frå fylkesmannen er at Leif-Endre Vignes i oktober i fjor søkte kommunen om dispensasjon for å riva eit naust, samt mindre brygger, for å føra opp to nye naust med tilhøyrande brygge på eigedommen sin i Vignesvågen.,

Forvaltningsstyret gjorde eit vedtak i mars i år, om å gi dispensasjon frå gjeldande kommuneplanen slik at Vignes fekk lov til å gjera det han søkte om.

Berre ei veke seinare klagar fylkesmannen på vedtaket, med denne grunngjevinga:

«Omsyna som ligg til grunn for føresegna i kommuneplanen og tiltaksforbodet i strandsona blir sett vesentleg til side ved å gi dispensasjon. Dispensasjon etter dette kan ikkje gis. Det er då ikkje nødvendig for fylkesmannen å ta stilling til om fordelande ved dispensasjonen er klart større enn ulempene, då begge vilkåra i plan – og byningslova må vera oppfylt for å gi dispensasjon».

I utgreiinga av klagen står det vidare å lesa.

Det er viktig at kommunen unngår bit-for-bit nedbygging av strandsona gjennom dispensasjonar, og at det doble byggeforbodet som LMF-formålet og 100- meters beltet utgjer, vert handheva strengt for tiltak som ikkje er påkravd for gjennomføring av godkjent arealbruk. Å opna for stykkevis og delt nedbygging av strandsona gjennom dispensasjonar, vil og setta til side kommuneplanen som styringsdokument og informasjonsgrunnlag».

Kommunen handsama klagen frå fylkesmannen i mai , men konkluderte med å ikkje ta klagen til følgje. Dermed vert saka sendt til settefylkesmannen for endeleg handsaming.

Publisert: