"Den nye ordføraren er både flink og snill"
Ordføraren i Nye Stavanger får godt skussmål frå Rennesøy. Det gjer også hennar høgre hand, varaordføraren.
Det er både tvil og tru mellom rennesøybuar før kommunen går inn i nye Stavanger. Men dei to kvinnene som skal leia Nye Stavanger har dei tru på.,
-Me har hatt det godt i Rennesøy, men eg er redd kommunen ville blitt for liten i det lange løp, seier Rolf Kant.
Rolf Kant er ute og luftar hunden sin i Vikevåg. Han har vore lensmann både i Rennesøy og i Finnøy, men har nå pensjonert seg etter 42 år i politiet.
- Det fekk vera nok, seier han.
Kant meiner det var rett av Rennesøy å gå saman med Stavanger.
- Me veit ikkje korleis dette blir før me har prøvd det, men eg trur Rennesøy ville blitt for liten i framtida. Det gjeld både fagmiljø, økonomi og administrasjon, seier Kant, som har tru på den nye ordføraren, Kari Nordtun Nessa.
- Ho virkar både snill og flink. Problemet er vel heller at ho har litt blanda drops med seg, seier han.
- Koss blir det med Finnøy og Rennesøy saman i ein kommune?
- Nå er såra etter Finnfast grodd, så det går nok fint, seier Rolf Kant.
Også i den gamle smia i Vikevåg hos Gustav Tveit er det godlyd å høyra om Nye Stavanger.
- Det trur eg blir bra. Eigentleg trur eg ikkje det blir så stor forskjell i høve til i dag. Men i framtida ville me nok blitt for få i Rennesøy til å klara oss åleine, meiner han.
Tveit trur også det vil vera ein stor fordel at også Finnøy er med i den nye kommunen.
- Det er mykje som bind dei to øykommunane saman. Det bør også Øyposten merka seg og vera til stades i begge kommunane og bli avisa for begge, seier han.
På Coopen i Østhusvik er ikkje Anne Kristin Pedersen like overbevist.
Pedersen budde før i Stavanger, men flytta til Østhusvik i 2009.
- Det blir ein veldig stor kommune, det blir lett å bli oversett. Eg håpar ikkje at alle kommunale tenester i Rennesøy blir lagt ned og flytta til byen. Men eg set min lit til Dagny, seier ho, og siktar til varaordføraren i Nye Stavanger, Dagny Sunnanå Hausken.