Det meiner Birger Hetland frå Sjernarøyane, som er nummer 3 på lista til Senterpartilista. Hetland legg ikkje like mykje vekt på fortida som partikollega Bjarne Kvadsheim (nummer 2 på lista), som i eit intervju med Øyposten nyleg ga uttrykk for at det skal mykje til for at Senterpartiet dumpar Høyre og går til Arbeiderpartiet.,

-Kvadsheim får stå for det han sa i intervjuet. Det er ein ny kommune og nye føresetnader. Då må me gløyma det som har vore, meiner Hetland.

Senterpartiet ligg på den siste målinga i VG an til å få inn tre representantar i det nye kommunestyret, og det er ikkje Hetland fornøgd med. Han meiner partiet må ha ambisjonar om å få inn fem, men han kjenner seg ikkje trygg på sin eigen tredjeplass.

-På ingen måte. Kjøttvekta ligg i byen. Det skal ikkje mange stemmen til der, før eg er ute.

-Men på Sjernarøyane?

-Jo, det kan nok hende at eg får mange stemmer her, sjølv om bror min enno ikkje vil stemme på meg. Han er jo Høyremann og litt trangsynt, flirer Hetland, og legg til:

-Han har sagt han kan gje meg ein slengar, men eg har ikkje heilt gitt han opp.

I dag driv Birger Hetland valkamp på heimebane. På ferjeleiet på Helgøy delar han ut pølser til gjestane som kjem  il øya for ei roleg helg på hytta. Laurdag er han på stand i Stavanger sentrum – og ein stad til som han ikkje hugsar. Stemminga gjer han på måndag. Det  er høgtid å gå i stemmelokalet, og det skal skje på valdagen. Seinare på kvelden er han på valvake på Ostehuset i Stavanger, og etter resultat blir det møter.

-Me skal først møta Høyre, og så går me rett i møte med Arbeiderpartiet. I alle høve tek me ikkje noko beslutning på natta, men seinare i styret i Stavanger Senterparti. Tidlegast dagen etter, seier Hetland, som er i partiet sitt forhandlingsutval saman med Dagny Sunnanå Hausken og Bjarne Kvadsheim.