Dette skriv politiet i ei pressemelding tysdag føremiddag.

Den 55 år gamle tyske turisten som var sikta i saka blir difor ikkje framstilit for varetektsfengsling slik politiet meldte måndag.

- Det er ikkje lenger grunnlag for å mistenka at dødsfallet til den 58 år gamle turisten på Ombo skuldast ei straffbar handling, skriv politiet.

Årsaka skal vera summen av nye opplysningar frå obduksjonen av den omkomne og opplysningar frå etterforskinga.

Det var natt til sundag at to tyske turistar blei arrestert, sikta for grov kroppsskade etter at deira reisekamerat blei funne død i Jørstadvågen på Ombo.

- Dette betyr at det ikkje lenger er grunnlag for å framstilla ein tysk 55-åring for varetektsfengsling i Stavanger tingrett i dag, tysdag, seier Erik W. Rand påtaleansvarleg jurist i Sør-Vest politidistrikt.