Opptil 100 tonn olje i rustholkane på Bru

Bellona reknar med at det kan vera så mykje som 100 tonn diesel- og hydraulikkolje pluss anna miljøavfall i dei to rusta supplyskipa som ligg ved kai på Bru.

Bellona-leiar Fredrik Hauge på veg ombord for å saumfara dei to supplyskipa i august.|Bellona-leiar Fredrik Hauge prøver å ta seg inn i ein av båtane, for å få klarlagt kva som gøymer seg av gruff inne i båten.|Arkivfoto: Tor Bernhard Harestad har alliert seg med tidlegare sorenskrivar Helge Bjørnestad for å få fjerna båtane.|Arkivfoto: Kommunalsjef Kurt Idland i Stavanger kommune var også med på befaringa.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

BRU: Det er Bellona-leiar Fredrik Hauge som opplyser dette til Øyposten, etter at miljøorganisasjonen torsdag saumfarte dei to skipa som ligg fortøyd ved den kommunale kaien på Bru, like ved makrellmottaket til Tor Bernhard Harestad.,

-I tillegg er det ein god del oljesøl i botnen på skipa pluss borevæsker, seier Hauge.

Bellona var fredag i møte med representantar frå Stavanger kommune, Kystverket, Sjøfarts- og Miljødirektoratet.

 Tor Bernhard Harestad har alliert seg med tidlegare sorenskrivar Helge Bjørnestad for å få fjerna båtane.

-Eg trur at det står rimeleg klart for Stavanger kommune at dette er noko kommunen må ordna opp i, og det skal me hjelpa til med, seier Hauge, som legg til at det også er behov for å gå opp ansvarsområdet mellom dei ulike etatane.

Kommunalsjef Kurt Idland i Stavanger kommune seier at han håpar dette kan bli begynnelsen til slutten for at dei to skipa skal ha kaiplass på Bru.

-Me har eit betre grunnlag nå enn før for å få dette til, og kjem til å setja inn ressursar for å fylgja opp saka, seier Idland.

 Kommunalsjef Kurt Idland i Stavanger kommune.

Han legg til at sjølv om det kom gode innspel på møtet, er det så langt han oppfattar det ingen som har eit fascitsvar på korleis saka skal løysast.

-Men me fekk ein del gode innspel, spesielt når det gjeld det ytterste av dei to fartøya, "Sea Pilot", opplyser Idland.

Publisert: