Prisen på oppfiksinga av rådhuset aukar.

STAVANGER: Lønns- og prisauke er ei vesentleg for klaring på prisauken for prosjektet. Oppfiksinga av rådhuset skal vera klar i 2024, og har høge mål mellom anna når det gjeld miljø. Solceller skal produsera energi nok til over 30 prosent av bygget sitt energibehov. Dette vil gjera Stavanger Rådhus til eit av dei mest energiproduserande rådhus i landet.,

Når det gjeld glasskunsten på fasaden , "Kunnskapens tre" foreslår kommunedirektøren at dette ikkje blir montert tilbake på fasaden, men heller inne i bygget. 10 prosent av kunstverket har fått skader og må skiftast ut. Viss det blir montert inne, kan delene som er skada monterast og visa historikken. Kunstverket har dessutan stått ute i 60 år, og det vil tola 60 år til. Å montera kunsten tilbake på fasaden vil kosta 3,5 millionar kroner.