Firmaet Betongpark har laga denne skissa av korleis det kan bli i Rygjabøparken.|Skatepark med beplantning.|Illustrasjon over tenkte aktivitetar.

FINNØY: -Ungdom i Finnøy har eit fantastisk fotball-tilbod. Me har lyst til å vera med på å gje dei fleire aktivitetar å bryne seg på i tillegg, seier leiar i aktivitetsgruppa, Tor Eggebø til Øyposten.,

I samarbeid med Finnøy Hagelag og Finnøy Skateklubb på øya har aktivitetsgruppa difor laga eit forslag til bruk av «den grøne» lunga på Judaberg.

Planen består av ein skatepark og ein sykkelbane, såkalla pumptrack og utandørs treningspark. Også tennisbanen er med i planane, og er foreslått rusta opp til bruk igjen.

Illustrasjon over tenkte aktivitetar. Foto: FOTO: Betongpark

-Området er alt for godt til å bli så lite utnytta som det er i dag, meiner han, og understrekar at området fortsatt skal kunna brukast av alle aldersgrupper. Difor er hagelaget med på laget, for å sikra at det fortsatt skal vera ein grøn oase på Judaberg.

Skatepark med beplantning. Foto: FOTO: Betongpark

Prislappen på heile prosjektet er grovt anslått til 10 millionar, og er tenkt finansiert dels med tippemidlar, dels med pengar frå Fylkeskommunen og dels med pengar får kommunen. Dessutan er det tidlegare bevilga 750.000 kroner til skatepark ved sida av Grieg-bygget, som i staden er tenkt brukt her.

Planane blei tidlegare i år presentert for kommunedelsutvalet, og blei godt mottekne der. saman med leiaren i kommunedelsutvalet, Birger W. Hetland, har Eggebø også lagt planane fram for leiaren i utvalet for miljø og utbygging, Rune Askeland (mdg).

-Han var også entusiastisk til dette. Går alt etter planen kan dette vera oppe og går i løpet av to-tre år, seier ein utålmodig Tor Eggebø.