Innkrevinga av bompengar i Finnfast blir stansa i natt, og Øyposten rapporterer direkte.

FINNØY:

Planen var at bompengar frå Finnfast skulle betala 25 av dei 30 millionane det skulle kosta å byggja gang- og sykkeleveg langs den livsfarlege strekninga på fyleksvegn 519 frå Nådå til Fåhaldet på Finnøy.,

Det skulle skje ved at bompengeperioden i Finnfast blei forlenga med åtte månader etter at Finnfast var betalt, ein plan som både Stavanger kommune og fylkeskommunen går for.

Her skal den etterlengta gang- og sykkelvegen koma.

Men nå viser det seg at denne planen er gått i vasken, etter bompengeforliket mellom Frp og regjeringa.

Øyposten har retta spørsmål til Frps stortingsrepresentant Roy Steffensen om finansieringa er med i forliket, og fått dette svaret:

"Hei, vi har fått gjennomslag for å betale ut restgjelden på ca 150 millioner kr for Finnfast, som vil spare næringsliv og pendlere for titusener av kroner i året. Det ligger ikke inne penger for å betale ned eventuelle planer man har vurdert for utvidelse av bompengeperioden.

Ønsker noen det nå skal kreves inn enda mer bompenger fra finnøybuen til å dekke andre prosjekter, må de i såfall starte prosessen på ny med å starte en helt ny bompengeinnkrevning", skriv Roy Steffesen i sitt svar.

Alexander Rügert-Raustein (mdg) er sjokka.

Leiaren i fylket sitt samferdselsutval, Alexander Rügert-Rausten (mdg) er "mållaus".

-Dette er snakk om sjølvskading. Nå eit viktig trafikksikkerhetstiltak er knytta til eit slikt prosjekt, er det ikkje for løye. Viss Frp synes det er viktigare å spara bompengar enn å redda liv er det heilt tragisk. Her er partiet fullstendig på villsport, seier mdg-politikaren.