Magnus Bokn vann delfinalen i MGP på NRK laurdag.

-Det stemmer, Magnus har røter i Finnøy, og ikkje så lite heller, seier farmora, Turid Bokn til Øyposten.,

Oldeforeldra til MGP-vinnaren, Edle og Hjalmar Bokn var frå Reilstad. Reidar Bokn, gift med Mathilde, er bror til Hjalmar, og bur framleis på Reilstad.

-Magnus var ofte på Reilstad så lenge Edle levde, men i dei seinare åra har det nok vore mindre, seier Turid Bokn.

Den stolte farmora, som sjølv har site i bystyret og formannskapet i Stavanger for Ap, var til stades i Oslo i går saman med familien for å heia på gromguten i familien. Magnus Bokn vann delfinalen frå Vestlandet, og skal nå vidare til den norske finalen.

-Eg håpar dei heia på han også på Finnøy. Det har i alle fall ramla inn med helsingar og gratulasjonar, seier ho.

Det kan elles nemnast at Bokn-familien eigentleg kom frå Skaretveit, og skifta frå Skartveit til Bokn då dei flytta til øya med det navnet. Kåre Bjerga er til dømes av same folket. Også Gunnar og Jan Bokn  på Bokn høyrer til slekta.

Foreldra til Magnus Bokn heiter Henning og Marianne Bokn og bur på Hundvåg.