Tannlege Kamal Fayad kan fortsatt gå på jobb på Finnøy, viss klinikkplanen blir vedteken. (Foto: Oddbjørg M. Måland)

Det seier nytilsett tannlege, Kamal Fayad, ved tannlegekontoret på Finnøy. Diverre for Kamal, er engasjementet berre eit vikariat fram til oktober.,

Den nye tannlegen er ifrå Libanon, men tok utdanninga i Munchen. Han har spesialisert seg i kirurgi og implantater. Etter endt studiar kom han til Norge, og jobba frå 2003 til 2011 ved tannlegekontor i Mo i Rana og i Kristiansand.

- Du kan gjerne skriva at eg har godt lag med born. Å behandla denne pasientgruppa er annleis enn å behandla vaksne, det krev litt ekstra føling i fingrane.

I 2012 reiste Kamal tilbake til heimbyen Beirut med tanke på å starta eit nytt liv, og ny tannlegepraksis, men lukka blei kortvarig.

- Det er synd å sei, men Libanon er øydelagt. Det er så mykje uro og misnøye, folk er leie av korrupte politikarar og regjeringa si handtering av den økonomiske krisa. Denne situasjonen har sett landet ut av spel, og fattigdommen og sinnet blant folket aukar heile tida. Folk har ikkje lenger råd til å gå til tannlegen, så det var ingen vits i å driva lenger. Eg prøvde å strekka meg langt for å hjelpa så godt eg  kunne, men det gjekk ikkje. På slutten mistrivdas eg så sterkt at det einaste eg tenkte på var å ta med familien å reisa langt vekk, tilbake Norge. Og no er eg her, det er fantastisk, fortel Kamal.

I april håpar han at kona og sonen Youssef på tre år kjem til Finnøy, og at dei kan bu saman som familie.

- Eg har allereie byrja å orientera meg litt i forhold til å få barnehageplass til Youssef. Kor vidt kona mi får jobb  veit eg ikkje. Ho er professor i farmasi og underviser på universitet i Beirut. Kanskje det finns ein jobb for ho på sjukehuset, men eg veit det kan bli vanskeleg så lenge ho ikkje snakkar norsk. Uansett, me veit ikkje kva framtida bringer, men akkurat no gler eg meg til å visa dei Finnøy. Eg gler meg til dei skal få kjenna på roen og freden, oppleva den vakre naturen og møta eit lite og veldrive samfunn. Eg har forstått det er mange turmoglegheiter i området, og ikkje minst mange fine øyar rundt her som eg ikkje har utforska ennå. Men eg har vore Preikestolen.

- Kva tankar hadde du om Finnøy før du kom?

- Eg fekk ein mjuk start i form av ei vekes opphald på Utsyn med mykje omsorg og godt stell. Under den tida blei avstanden til Beirut ekstra tydeleg. Eg oppdaga for alvor kva for to ytterpunkt Beirut og Finnøy er, så forskjellig som det går an, i alle fall no for tida. Det går gradvis opp for meg kor heldig eg er som er akkurat her, på tannklinikken på Finnøy. Eg håper det ordnar seg med jobb, også etter oktober. Eg trur vil komma godt overeins med finnøybuen, seier Kamal Fayad.